Vil setja tak på inntak
Det auka inntaket av barn i private barnehagar uroar politikerane. No vil dei vurdera å setja tak på støtta.

I sist formannskap handsama politikerane rekneskapsrapport per mai 2011.
Det endte med eit oversendingsforslag fremma av Espen Aspenes (Frp) kor formannskapet ber administrasjonane vurdera dei økonomiske, praktiske og faglege konsekvensane av å setja tak på økonomiske støtte til private barnehagar når Os kommune har oppnådd full barnehagedekning.
60 barn = 9 millionar
På oppvekst- og kultur ligg det ann til eit meirforbruk på 16 millionar kroner som følgje av det ikkje finansierte kommunestyrevedtaket på 7 millionar frå desember i fjor i høve til finansieringa av barnehagane i Os kommune.
- I tillegg er det auke i barnetalet frå 1.242 per 15.12.10 til 1.302 barn per 28.02.11 som utgjer ein meirkostnad på 9 millionar kroner, skriv kommunaldirektør Ingvar Torsvik i saksframlegget.
- Auking på 60 barn gir meirkostnad på 9 millionar, er det ein skrivefeil?, undra Espen Aspenes.
- Dei private har tilpassa seg, nett som vi sa dei ville gjera. Dei får det dei skal ha, verken meir eller mindre, forklarte Torsvik etter å ha dobbeltsjekka tala.
Alle får plass
Aspenes oppfattar frå sakspapira at administrasjonen ikkje har tenkt å gå inn i den fordelings- og opptrappingsplanen som kommunestyret vedtok.
- Eg synest ikkje det er godt nok. Det spørs om ikkje vi frå politisk leiing på sjå på satsane.
- Er det eit misforhold mellom dei statlege retningslinene i høve til opptak og det som praktiserast hjå oss?, lurte Aspenes på.
- Alle som søkjer hos oss får plass. Vi la opp til konkurranse og at markedet skulle få rå og det gjer det, slo kommunaldirektør Torsvik fast.
- Til Aspenes vil eg seie at vi gav dei private anledning til å ta inn fleire barn. No tek dei inn barn frå 8 månaders alder, sa Norvald Skåtøy (Ap).
- Konsekvensane burde ha vore synleggjort i budsjettforslaget frå kommunen sin side, hevda Skåtøy vidare før han slo fast at det har blitt ei uheldig sak og ei økonomisk belastning for kommunen.
Fekk 5 millionar
Oppvekst- og kulturområdet fekk som konsekvens av Kostratala for 2010 styrka området med 5 millionar i høve til opphaveleg budsjett i formannskapsmøtet 31. mai. Desse midlar er allereie effektuert og fordelt på einingane.
- Styrkinga er brukt til å stetta dei særlige utfordringar området har i skular og innan kultur, skriv kommunaldirektøren.
Dei to store slit
- Det er ikkje vesentleg endring i hovudtendensane frå rapport per april (tertialrapporten). Forbruket er urovekkjande i dei to store tenesteområda (oppvekst/kultur og helse/sosial, journ.merk.), skreiv rådmann Knut Terje Rekve i innleiinga til saksframlegg.
- Eg lurer kva ein konkret visar til når ein omtaler overskridingane innan helse og sosial, sa Norvald Skåtøy.
Eit meir konkret svar fekk han ikkje.
- Det er vanskeleg å vera meir konkret på helse- og sosialområdet grunna overskridinganes natur og forhold rundt tenesteytinga, forklarte rådman Knut Terje Rekve.
- Eg forstår den utfordringa, men vil gjerne at dykk skal vera litt meir konkrete på kva område det gjeld, avslutta Skåtøy.
Formannskapet tok rekneskapsrapporten til viten.