MDG var ikkje representert i formannskapet for vel fjorten dagar siden og fekk difor ikkje lagt fram sitt framlegg til budsjett. I kveldens kommunestyret kjem dei med sitt framlegg, kor dei presenterer fleire spenstige tiltak.
– Os kommune er ikkje alltid heldig med vinterveret. Det ser ut til at vi i store perioder om vinteren anten har nedbør og plussgrader eller opplett og minusgrader, medan den fine snøen ein kan leike med kun dukkar opp i sjeldne iintervall.
– I fleire barnehagar på austlandet, og i Hovdebygda barnehage på Sunnmøre, har dei kjøpt inn snøkanonar for å skapa meir vinterglede. Kostnaden for ein snøkanon ligg på om lag 11.000 kroner. Vi ser for oss at teknisk eining kan ha ansvar for snøkanonen og kan reise rundt med denne til barnehagar og skular når været er passande, skriv MDG i sitt framlegg kor dei ber teknisk eining vurdera ei slik løysing innan dagens driftsbudsjett.
Partiet tek også til ordet for at kommunen, i dei grøntareala, parkane og buffersonene dei forvaltar planter bærbuskar og frukttre som ålmenta kan få lov til å forskyne seg av.
Dei ber også administrasjonen fremje ei sak om korleis kommunen kan unngå å kjøpe tenester frå selskap med tilknytning til skatteparadis og kva det vil innebere for kommunen å bli godkjent som ein trafikksikker kommune.
Kuttar bølgjebrytarane og utset famliens hus
Sjølv om partiet kjem med spenstige tankar om kunstig snø og felles bær- og frukttrær, har dei tydlege tankar omkring kommunen sin økonomi og investeringsbudsjettet til kommunen.
– Rådmannen har fleire gonger varsla at politikarane må vera varsame med å vedta dyre investeringsprosjekt som ikkje er strengt naudsynte, minnar dei om og peiker på at sjølv om ein skal utvikla Os med bedtre tilbod til alle samfunnsaktørar så kostar investeringane mykje.
– Rådmannen har etter innspel frå MDG kartlagt svært store behov for investering i ny infrastruktur som barnehagar, skuler , vass- og avløpsanlegg med bakgrunn i vekstambisjonane for kommunen fram mot 2040.
– På bakgrunn av dette er det to investeringsprosjekt vi meiner bør bli trekt ut av budsjettframlegget til 2018.
– Bølgjebrytarane er eit prosjekt Dei Grøne har stilt spørsmål ved frå starten, og det gjer vi framleis - det er etter vårt syn ikkje mogleg å prioritera når ein ser det i samanheng med kommunen sine kjerneoppgåver.
I tillegg ser vi at familiens hus er grovt underbudsjettert i høve ambisjonane for bygget. MDG var positive til vedtaket om å samla desse tenestene under same tak, men når prosjektavdelinga no informerer at ein meir truverdig kostnad ligg på minst 70 millionar, så meiner vi at det ikkje er rom for å gå vidare med prosjektet no.
– Desse to kutta vil åleine truleg spara kommunen opp mot 100 millionar, heiter det i framlegget.
Støtter Lyngheim og auker på oppvekst
I driftsbudsjettet foreslår partiet ei eingongsstøtte til oppføring av rosemålarverkstaden på Lyngheim med 400.000 kroner. I tillegg ønskjer dei at elevkulla på dei forskjellige skulane i størst mogleg grad får like tilbod.
– Vi meiner budsjettinnpelet frå elevane på ungdomsskulen er viktig å lytta til. Elevråda peikar også på viktige tilrådingar frå Ludvigsen-utvalet sin rapport, og MDG foreslår å setta av 600.000 årleg på driftsbudsjettet.
Partiet er uroa over dei stramme rammene innan oppvekst og held fast på opposisjonspartia sitt framlegg for 2017-budsjettet med å auka ramma med 5 millionar kroner.
– Oppvekst er eit kjerneansvar for kommunen, og eit av dei aller viktigaste lovpålagte ansvarsområdene. Det er her vi bygger framtida, det er her vi viser kva vi vil tilby borna våre, poengterer MDG.