Lokal | 09. jan. 2013

- Vil skapa noko lokalt

10-15 ungdommar blir kvar veke køyrd til byen for å dansa. No vil Veronica Halhjem skapa lokalt tilbod. Med på laget får ho noregsmeister Hans Kristian Andersen frå Absence Crew.

- Vil skapa noko lokalt
Veronica Halhjem gler seg til å starta breakdance-kurs på Kuhnletunet frå måndag av (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 09. jan. 2013 09:31

Absence Crew har imponert mange med halsbrekkande dans, både gjennom Norske Talenter på TV2 og i framsyninga «Askeladden på nye eventyr» som dei viste i Oseana i mars i fjor.

Som ei oppfølging til showet inviterte i fjor sommar Oseana og Absence Crew til intensivkurs for ungdommar som ville læra meir.

Har køyrd til byen

Sjølv om det har vore nokre spede forsøk på kurs lokalt har ikkje tilbodet vore så godt som det kan synast behov for.

- I 2 – 2,5 år har ein gjeng ungdommar frå Os køyrd til byen for å gå i lære hos instruktørar frå MixmasterCrew, Absence og Schang, fortel Veronica Halhjem, initiativtakaren til eitt av kursa som no startar opp på Os.

- Eg har lenge tenkt på å få til noko på Os, og plutseleg starta snøballen å rulla.

Kasta seg rundt

Gutane i Absence Crew ville veldig gjerne vera med, når Veronica lufta ideen.

- Dei har travle dagar og var eigentleg fullt oppbooka med kurs og show i Bergen, men då eg lufta tanken, kasta dei seg rundt for å få til noko.

- Hans Kristian skulle eigentleg halde kurs i byen på måndager, men ein av dei andre gutane tok over det slik at han kan setja seg på bussen til Os for å halde kurs for våre ungdommar i staden, strålar Halhjem.

I speilsalen på Kuhnle

Neste utfordring for Halhjem var å finna ein egna plass å halde kursa, som vil gå kvar måndag fram mot påske.

- Eg kontakta Os kommune og fekk forslag om nokre plassar og telefonnumre eg kunne ringa.

- Då eg ringde hit til Kuhnletunet var det ikkje tvil, sjølvsagt kunne vi få låne salen dei har her.

- Den passar perfekt til kursa. Eine veggen er kledd med speil og rommet har fast musikkanlegg, så dette må berre bli bra, smiler initiativtakaren som er spent på kor mange som kjem.

Gratis prøvedag

Måndag 14. januar startar kursa opp.

- Då kan alle som vil koma for å testa ut om breaking er noko for dei.

- Aldersgruppa er frå 8 år og oppover. Vi kjem til å dele gruppa i to, slik at det blir ein time øving på kvar gruppe.

- Det er fint om dei som vil vera med kontaktar meg slik at vi har ein viss peikepinn på kor mange som kjem.

Vil byggja miljø

Korleis kontakta Veronica finn du på en nyoppretta facebookgruppa «Dans i Os».

- Den gruppa har eg laga, ikkje berre for dette kurset, men som ei gruppe for alle som driv med dans i Os, uavhengig om det er breaking, hiphop eller andre danseformar.

- Der kan ein leggja ut kurs, arrangementer, bileter eller videoar av triks ein har lært seg.

- Håpet er at vi kan skapa eit aktivt og godt miljø for alle, kor ungdommane blir trygge på kvarandre og seg sjølve og kor dei lærar å respektera kvarandre for det dei står for. Respekt er jo noko som står sterkt i hiphop-miljøet, forklarar Halhjem.

Breakbattles og workshops

Allereie er Halhjem i gang med å tenka vidare enn dei faste kursa.

- Vi vil etterkvart også arrangere både dansebattles kor danserane utfordrar kvarandre og meir spesifikke workshops kor andre stilartar enn breaking blir testa ut.

- Men først får vi få dei faste mandagskursa opp å gå, så tek vi resten litt etter kvart når vi ser korleis interessa er, avsluttar Veronica Halhjem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.