Lokal | 05. sep. 2014

Vil skjerma naboane

Utvidinga av gravplassen på Nore Neset. Plan- og bygingsutvalet vil skjerma sørgande og naboar meir enn kyrkja legg opp til.

Vil skjerma naboane
Plan- og bygningsutvalet var tidlegare i vinter på befaring på gravplassen på Nore Neset (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 05. sep. 2014 09:59

Bildeserie:

Slik såg planen ut frå utbyggar Akasia (ill: os kommune)
Slik såg planen ut frå utbyggar Akasia (ill: os kommune)
Slik vil Plan- og bygningsutvalet at planen skal bli. (den nye grøntstrukturen er teikna inn av Midtsiden basert på diskusjonen i PBU) (ill: os kommune/Midtsiden)
Slik vil Plan- og bygningsutvalet at planen skal bli. (den nye grøntstrukturen er teikna inn av Midtsiden basert på diskusjonen i PBU) (ill: os kommune/Midtsiden)
1 av 2

På torsdagens møte i plan- og bygningsutvalet handsama dei spørsmålet om detaljreguleringa av utvidinga av gravplassen ved Nore Neset kyrkje. Då dei handsama saka første gong la dei inn ei større buffersone i den sørlege delen av området, mot naboane i Dahlsvegen. No vil dei gjera det same mot naboane i vest.

– Vi må ta omsyn både til dei sørgande og til dei næraste naboane. Kyrkja er opptekne av at det ikkje skal vera for mykje forstyrrande aktivitet ved gravferd. Det same er naboane.

– Difor bør vi prøva å skjerma mot dei tre naboeigedommane i vest, for eksempel med ein jordvold som hindrar inn-/utsyn, innleia Harald Døsen (Ap).

Flytta veg?

Frå dei gamle illustrasjonsteikningane var det teikna inn ein gangveg i ytterkant av gravområdet.

– Då var det skjerma. Kvifor er den teken vekk? Eg forstår naboane veldig godt. Det er ikkje kjekt å få eit gravfølge heilt innpå trappa, kommenterte Jonny Garvik (H).

– Vi snakka jo om buffersoner mot naboar då vi var på befaring sist. Eg trur vi gjer framtida ei teneste om vi omdefinerar omsynssonene rundt gravplassen.

– Det blei ikkje spesielt godt tatt i mot då vi ønska det sist, men det blei ivaretatt mot sør, kommenterte Gustav Bahus (Frp).

La inn grøntstruktur

Terje Sperrevik (TvS) var i det løysningsorienterte hjørnet og foreslo eit nytt felt merka med grønt (sjå bileta).

– Om vi legg til eit felt G3 med grøntstruktur og at det skal vera busker og moglegheiten for ein gangveg, så skapar vi ei buffersone mellom gravplassen og tilstøytande areal. Den bør vera fem meter brei.

– Skal det inn før saka blir lagt ut til offentleg ettersyn eller held det at det kjem inn neste gong de skal handsama saka, undra Asle Andås i administrasjonen.

– Før planen blir lagt ut, svara eit samrøysta planutval.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.