Lokal | 16. mai 2012

Vil skjerpa kontrollen

16. mai er normalt ein god dag for utelivsbransjen. No vil politikerane ha hyppigare og strengare kontroll.

Vil skjerpa kontrollen
Både Iris Cat og Bar2Be kan nok venta seg godt besøk 16. mai. No vil kommunen føra strengare kontroll både med dei og andre skjenkestadar (fotomontasje: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 16. mai 2012 14:08

Då kommunestyret handsama dei nye retningslinene for sal- og skjenkeløyve førre veke blei ikkje diskusjonen om opningstid den største, sjølv om administrasjonen hadde foreslått å redusera skjenketidene med ein halvtime til klokka 02.30.

Ni av representantane (3 TvS, 2 Krf, 1 Sp, 3 Ap) støtta administrasjonen, medan fleirtalet på 23 (10 Frp, 6 H, 1 TvS, 2 V, 4 Ap) meinte at den skjenketida som har vore var den riktige.

Korleis få eit tryggare sentrum?

Derimot blei det meir diskusjon om korleis ein kan gjera sentrum tryggare og hindra bråk.

- Kven skal ta ansvaret for hærverket som skjer i sentrum?

- Vil vi at kommunen skal ta alt ansvaret, er det politiet som skal rydda opp, eller meiner vi at næringslivet også må ta ansvar? undra Helge Olav Nygard (Krf).

Han foreslo difor at dei nye retningslinene berre skulle gjelda i to år, medan kommunen satte ned eit breitt utval med mellomanna politiet, serveringsbransjen og taxinæringa for å sjå på reglane og kva som kunne gjerast. I tillegg foreslo Nygard at kommunen freistar å skjerpa kontrollane med serveringsstadane og butikkane.

- Spesielt i høve til skjenking av overstadig berusa og mindreårige, poengterte Nygard.

- Eg er einig med deg på det siste punktet om kontrollane, men eg er ikkje sikker på å laga ein byråkratisk modell for å sjå på retningslinene er vegen å gå, kommenterte Marie Bruarøy (H).

Boksøl og ansvarleg vertsskap

Hilde Jensen (TvS) støtte òg Nygard i fleire og betre kontrollar, gjerne kombinert med meir synleg politi og fleire natteravnar. Jensen nytta samstundes høve til å koma med fleire tiltak som kunne gjera situasjonen i sentrum betre.

- Frå andre byar kjenner vi til at dei i denne perioda fram mot 17. mai berre sel boksar i butikkane for å unngå flaskeknusing og glassbrot. Kan det vera ein idé også på Os?

- I tillegg vil eg foreslå at kommunestyret ber administrasjonen ta opp igjen «ansvarlig vertskap» programmet, gjere det til eit samarbeid mellom kommune, kontrollører, politi og næringsdrivande som serverer alkohol, der vi sørgjer for at alle involverte er satt inn i sine roller og oppgåver.

Jensen fekk brei støtte i at kommunen skal ta inititativet til ansvarleg vertsskap, noko som òg blei einstemmig vedteken.

- Eg støtter Jensen heilt og fullt i høve til å få vekk glassflaskene. Dei kan gjera store og stygge skader på bufé og hundar, kommenterte Harald Døsen (Ap) i ein replikk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.