Lokal | 30. aug. 2016

Vil skriva ut p-gebyr på Tøsdal

Grunneigar fortvila etter manglande respekt for åtvaringar. – Nokre få øydelegg for mange, seier Torbjørn Tøsdal.

Vil skriva ut p-gebyr på Tøsdal
Slik såg det ut på Tøsdal i helga (lesarbilete, foto: Torbjørn Tøsdal)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 30. aug. 2016 06:11

– Då var det i gang igjen, ved full parkeringsplass er det visst berre til å parkera på innmark, sa grunneigar Torbjørn Tøsdal til Midtsiden søndag.

– Etter fleire åtvaringar og innslag i media er det framleis fleire som ikkje bryr seg. Er det berre piggtråd som hjelper, eller må vi stenga plassen permanent? undrast han.

Les òg: Fare for stenging av parkering på Tøsdal

Handheving einaste alternativ til stenging

Mosjon i fjellet ser ut til å auka i popularitet, fleire turløyper i Os er betre skilta og stadig fleire legg turen til Møsnuken, Linken eller Borgafjellet via Tøsdal.

Men parkeringsplassen har ikkje ubegrensa kapasitet og no har grunneigar fått nok.

– Kommunen må på banen med skilt og handheving. Det går tregt å få dette til, men det er siste utveg før eventuell stenging.

– Dei som parkerer på denne måten øydelegg i så fall for dei mange som held seg til lovleg parkering, og det synest eg er synd.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.