Lokal | 25. des. 2019

Vil starta bedriftsidrett i Os

«Ti på topp» blei ein suksess i Bergen. Os er nestemann ut.

Vil starta bedriftsidrett i Os
Trudi Aaltvedt er aktivitetskonsulent i Hordaland Bedriftsidrettskrets. No startar ho «Ti på topp» i Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. des. 2019 11:33

Norges Bedriftsidrettsforbund blei etablert i 1957 og har 2.700 lag med rundt 160.000 medlemmar.

Hordaland Bedriftsidrettskrets tilbyr over 15 idrettar og aktivitetar, frå bordtennis og fotball til svømming og golf.

– Målet er å få folk i aktivitet. I Os ser eg for meg at vi kan få etablert «Ti på topp», seier aktivitetskonsulent Trude Aaltvedt.

Ho har i tillegg bedriftsaktivitetar som «Sykle til jobben», «Trappecupen» og «Bli sprekere» på lista.

Fjellturar for bedrifter og privatpersonar

«Ti på topp» handlar om fjellturar, der det blir lagt ut ti turar, og der dei som går 7 av 10 turar i løpet av sesongen får deltakarpremie.

– Det blir òg premiering til dei som går flest turar og til bedrifter som har flest deltakarar. Både bedrifter og privatpersonar kan delta, ofte blir det kniving mellom enkelte bedrifter, seier Trudi.

På landsbasis har «Ti på topp» over 19.000 deltakarar. Einaste «Ti på topp» i Hordaland er foreløpig Bergen, som starta i 2017.

Hemmelege turar

Før jul var Trudi i Os for både å informera, rekruttera og skaffa sponsorar.

– Første sponsor er signert, og eg har trur på at vi skal finna fleire bedrifter som vil henga seg på for å koma seg meir ut på tur, og kanskje kniva litt med andre firma i Os.

Det er foreløpig hemmeleg kva som blir dei ti første turane i Os.

– Sesongen er frå mai til oktober. I slutten av januar blir påmelding lagt ut. Då kjem òg første tur. Så slepp eg éin tur per veke fram til sesongstart.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.