Lokal | 22. okt. 2013

Vil starta nærjordmorsenter

Som følgje av samhandlingsreforma, og etter kvart 6-8 timar liggetid for friske fødande på barselklinikken, ønskjer Os kommune å oppretta eige nærjordmorsenter.

Vil starta nærjordmorsenter
Nyfødde vil om nokre år bli sendt heim fortare frå kvinneklinikken om mor er frisk og rask (ill.foto: privat bilete)
Andris Hamretirsdag 22. okt. 2013 09:14

Når den nye barne- og ungdomsklinikken på Haukeland universitetssjukehus står ferdig i 2022 vil friske fødande bli sendt heim berre 6 til 8 timar etter fødselen.

– Då er det viktig at vi i kommunen er førebudde på å gje den oppfølginga som trengs.

– Førebyggjande helsetenester har difor eit ønskje om å starta opp eit nærjordmorsenter for å ivareta mor og barn i barselperioda (6-8 veker etter fødsel, journ.mrk), forklarer Marita Wallevik, leiar for tenesta.

Forslaget kjem som følgje av samhandlingsreforma, kor kommunen får eit større ansvar mellom anna i høve det å fange opp skeivutvikling hjå nyfødde.

Einaste i landet

Som einaste helsestasjon i landet, tilbyr jordmor Gry Albriktsen, allereie i dag foreldreførebuande kurs for dei som ventar barn.

– Det er ønskeleg at mor skal få oppfølging etter fødselen hos oss, i staden for å måtte reisa ned på kvinneklinikken to dagar etter at ho og barnet har kome heim.

– Spesielt for førstegongsfødande er det mykje nytt og nye rutinar ein skal finne ut av. Det å då få hjelp lokalt, i staden for å måtte styra med å koma seg til Haukeland trur vi kan vera ein fordel, forklarte Albriktsen då ho og Wallevik presenterte planane for tenesteutvalet førre veke.

Frå sneglepost til telefon

I dag blir melding om at mor og born er skriven ut frå kvinneklinikken sendt med vanleg brev til helsestasjonen. Dette gjer at det tek om lag ei veke før helsestasjonen blir merksame på at ein no osing har kome til verda.

– Vi føler det i dag er eit lite gap frå mor kjem heim til helsesøstra kjem inn.

– Vi veit at mange kvinner i dag reiser heim frå klinikken tidlegare enn det behovet dei har, og at vi ikkje har nokon til å ta seg av dei.

– Den første veka etter fødsel er kritisk i høve til at bornet får i seg næring. Det å amma kan vera ei utfordring. Ungen kan ligga til brystet, men likevel ikkje få i seg nok næring. Ikkje alle mødre fangar opp at barnet deira ikkje får i seg mat og at det stille barnet skuldast underernæring. Vi ønskjer at nærjordmorsenteret skal bli eit lavterskeltilbod som kvinnene kan kontakta raskt.

– Men kordan ser de for dykk at mødrene skal få denna informasjonen, undra Arild Mats Nielsen (Ap).

– Både hos meg i svangerskapskontrollen, på kvinneklinikken og ved at vi ved å stryka bemanninga dagleg kan ringe kvinneklinikken for å spørja kven som har fødd og reist heim.

– Då kan jordmor ta ein telefon til den nybakte mora og tilby seg å koma på heimevisitt, forklarte Albriktsen.

Relativt lita investering

For å få eit godt tilbod ser administrasjonen for seg å utvida jordmortenesta med ei 70 % stilling i tillegg til dagens 60 %. Ein lyt òg ta nokre mindre investeringar i naudsynt utstyr.

– Utviding av stillinga betyr om lag 477 000 kroner i året.

– Eit bilicek-apparat for å måla gulsot hjå den nyfødde kostar omlag 50 000. I tillegg trengs det noko infomateriell og andre mindre ting. Det kostar litt, men er ikkje dei helt store summane, forklarte Marita Wallevik, som har spelt ønskja inn til rådmannen i samband med budsjettarbeidet for 2014.

Katastrofe, om ikkje system

Nilsen undra på kva konsekvensar underbemanninga i høve ønskja frå administrasjonen betyr i praksis.

– Eg håper dei de eventuelt ikkje klarar å fange opp har eit tilbod på sjukehuset?

– Nei, dei har egentlig ikkje det, vi glipper nok på nokre. Konsekvensane kan vera at man får born med for store vekttap som nyfødd, noko som kan vera direkte helsefarleg.

– Mor har gjerne trudd at barnet har fått i seg næring, men eigenleg har det vore slapt og ikkje snilt, forklarte Albriktsen.

– Då kan det jo bli enno verre når liggetida på kvinneklinikken blir kutta til 6-8 timar mot dagens ordning med to døgn.

– Om vi ikkje får gode system lokalt, så vil det jo vera ei katastrofe, kommenterte Anders Hjelle (TvS).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.