Lokal | 03. mai 2014

Vil at staten tek meir av rekninga

Os kommune planlegg storstilt utbygging på Lurane. No kjempar ordførar Terje Søviknes (Frp) for at staten skal ta større del av driftsrekninga.

Vil at staten tek meir av rekninga
Terje Søviknes (Frp) på talarstolen i kommunestyret sist tysdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelaurdag 03. mai 2014 10:10

Saman med dei andre Frp-ordførarane har Terje Søviknes fremja ein resolusjon til partiet sitt landsmøte denne helga, kor dei ber partikollegaene i regjeringa ta større del av driftskostnadane i eldreomsorga.

– Dei statlege ordningane for å byggja sjukeheimsplassar er god, utfordringa kjem når det kjem til drift av desse.

– Å drifta ein sjukeheimsplass kostar kommunen opp mot éin million kroner i året. Difor meiner vi at staten i større grad må på banen med direkte statlege tilskot også til drift, fortel Søviknes på veg til landsmøtet.

Må finna 45-50 millionar

Kommunestyret jobbar med ei utviding av Luranetunet, med fleire plassar mellomanna innan demensomsorga.

– Det kan fort vera snakk om 50-60 nye plassar.

– For oss vil difor eit direkte statleg tilskot gje ei heilt anna tryggleik, enn det som er ordninga i dag.

– Det vil vera eit heftig sprang i drifta til kommunen å skulle opna, la oss i 48 nye plassar.

– No har vi jo førebudd oss noko med å styrka heimetenestene. Det kan vera at vi gjer som vi gjorde sist vi bygde ut på Lurane, nemleg å overføra noko av ressursane i heimetenesta til sjukeheimen, men at det blir tøffe tak er det ikkje tvil om, seier Søviknes.

Trur på meir penger

I tillegg til meir statleg engasjement i drift av sjukeheimar ber ordførarane mellomanna om åreleg realvekts i dei frie midla til kommunane og auka vekstkommunetilskot til kommunar i vekst.

– Det siste har vi fått gode signaler på i samband med kommuneøkonomiproposisjonen som kjem no i mai.

– Det vil bety mykje for dei investeringane vi skal og må gjera i Os, avsluttar Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.