Lokal | 19. mai 2010

Vil ta Festspillene til Os

Kulturbyråd i Bergen Harald Victor Hove (H) ser for seg festspillarrangement i Oseana når bygget opnar neste vår.

Vil ta Festspillene til Os
Andris Hamreonsdag 19. mai 2010 05:31

Byråden var tysdag på besøk i Os for å gjera seg kjent med kva bygda har å by på. Ikkje berre på kulturfronten, men òg i høve til næringsetablering og nye-vegen. Ei omvisning på byggeplassen til Oseana høyrte naturlegvis med.

Med ordfører Terje Søviknes og kultursjef Lisbeth Axelsen som engasjerte guidar fekk byråden ei innføring i arbeidet på Oseana og planane for Mobergsvikjo og moloen.

Samarbeid viktig
- For meg er det viktig å samarbeida med nabokommunane. Difor er det naturleg å sjå for seg at Festspillene kjem til Oseana når det står ferdig, seier kulturbyråd Harald Victor Hove.

- Eg kan nok tenka meg at både Carte Blanche og Filharmonien har lyst til å prøva den nye scenen. Det er viktig at vi ikkje held all kulturen for oss sjølv, men deler på den og utnyttar dei ressursane som ligg i nabokommunane våre.

Rimelig bra i rute
Ordføraren kunne fortelja at byggeprosjektet ligg rimeleg bra i rute, trass i ein hard vinter og ei lita veke med streik tidlegare i vår.

Opninga er no planlagt til siste veka i april neste år.

Imponert av materialval
Byråden let seg imponera av mellom anna solplattingen som er bygd opp i framkant av Oseana ut mot stupebrettet. Der har ein som på resten av uteanlegget nytta naturstein som byggjemateriale slik at naturen kjem inn i bygget. Denne plassen kjem til å bli ein ynda plass når sumaren kjem og badesesongen byrjar.

- Eg er glad for at dykk har valt ei løysing med norsk naturstein framfor marmor, var byråd Harald Victor Hove sin kommentar til materialvalet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.