Vil trimma kommunestyret
Kommunen vil tilsetta folkehelsekoordinator. - Vi treng like mykje å markedsføra folkehelsa, meinte Helge Olav Nygard (KrF).
Ein rekneskapsrapport kan lede til mange tankar. Då kommunestyret handsama tertialrapporten for 1. kvartal tysdag tok Helge Olav Nygard tak i punktet om samhandlingsreforma og folkehelseperspektivet.
- Juvelen i samhandlingsreforma skal jo vera folkehelsa.
- Skal vi få gjort noko med det som så langt har vist seg å vera den store kostnaden, nemleg innleggingar på sjukehus, må vi ta tak i folkehelseperspektivet.
- No forstår eg at ein ønskjer å tilsetta ein folkehelsekoordinator, og det er bra, men eg trur det er viktigare å markedsføre folkehelsa meir enn å diskutera ho, meinte Nygard.
Kommunelag Os Rundt?
Nygard hadde gjort seg nokre tankar om korleis kommunestyret kunne vera med å markedsføre det å få folk i aktivitet.
- Kanskje kunne vi som kommunestyret møtast til trening ein gong i veka og kanskje stille eit lag i Os Rundt.
- Midtsiden skreiv nettopp om jaktfalken og vandrefalken. Det hadde kanskje òg vore noko å gjennomføra, foreslo ein sporty Nygard.
Skal marknadsføre betre
Forslaget frå Nygard blei ikkje møtt med den heilt store entusiasmen frå politikar-kollegaene, men dei tok signala.
- Eg trur den nye gangvegen frå friluftsområdet i Mobergvikjo til Moldaneset blir eit viktig bidrag.
- Vi tek utfordringa di om å marknadsføre folkehelsa betre, svarte ordførar Terje Søviknes (Frp).
Folkehelsa viktig
På eitt punkt fek Nygard entusiastisk støtte frå rådmann Knut Terje Rekve.
- Folkehelseinstituttet gir karakter til dei forskjellege kommunane i høve til folkehelsa.
- Os ligg betre ann enn snittet, difor er det litt uforklarleg att vi nyttar så mykje på innleggelsar i sjukehus, meinte rådmannen.
Rådmann Knut Terje Rekve har stor tru på at ein folkehelsekoordinator kan få ei viktig rolle for å halde den gode trenden nede.
- Eg trur vi har eit veldig godt utgangspunkt for å få ned kostnadane på sjukehusinnleggelser ved å betra folkehelsa ved hjelp av ein folkehelsekoordinator, slo rådmannen fast.