Vil visa skogen
Kvifor bruker kommunen millionar på skog, og korleis skal Raudlia drivast?
I oktober i fjor kjøpte Os kommune Raudlia og Stokkadalen av Statskog. Os betalte 9,3 millionar kroner for 10.200 mål.
Les òg: Os kjøpte 7% av Os
– Det er mykje pengar, pengar kommunen sikkert kunne brukt til andre ting. Samtidig har skogen sin verdi, seier Jørgen Frønsdal.
Frønsdal er leiar i Midthordland Skogeigarlag, og no inviterer laget til tur, aktivitetar, god skogskaffi og tale av ordførar Terje Søviknes. I skogen.
– Søndag om ei veke vil vi samlast ved gapahuken som er bygd ved Yste Raudlivatn. Her vil vi også ha ein stand der vi fortel om skog som ressurs i næringslivet.
Turen inn tar cirka 20 minutt, aktivitetane ved gapahuken varer frå klokka 11 til 14.
– Éin gong i året arrangerer skogeigarlaget, som har medlemmar i Samnanger, Fusa og Os, ein aktivitet i naturen. I år var det Os sin tur og vi synest det var passande å ta det i kommunen sin nye skog.
Turen passar for både vaksne og ungar.
– Eg har utfordra Søviknes på å forklara kvifor kommunen kjøpe Raudlia og Stokkedalen, og å fortelja kva dei tenkjer om vidare bruk og drift av dette store terrenget.