Vilde og Madelen sentrale på Nærbø
Vilde Drange Veglo og Madelen Koldal Holme spelte kvart minutt av kampane då kretslaget var på turnering på Nærbø.
Bildeserie:
Kretslaget for jenter 14 (fødd 2002) var i helga på turnering på Nærbø sør for Bryne.
I troppen var to jenter frå Os, Vilde Drange Veglo (Os Fotball) og Madelen Koldal Holme (Gneist IL), som har vore fast med kretslaget det siste året.
– Dette var den tredje samlinga etter treninga i vinter. Vi var i Sogndal først og på Bremnes nærmare sommaren, fortel Vilde, som er kaptein på kretslaget.
Madelen hadde si første turnering med 02-laget, då ho har trent og spelt med 01-laget til Hordaland til no.
– Eg brukte litt tid til å bli kjent med dei andre jentene og stilen til laget, men vi hadde ei samling for eit par veker sidan og eg synest vi klarte oss godt i kampane.
Mykje speletid
18 jenter frå Hordaland var tatt ut til turneringa. Vilde spelte kvart minutt av alle dei tre kampane, Madelen var på banen frå start til slutt i begge kampane ho rakk før ho måtte heim og spela NM-kamp med Gneist (endte med tap 0-2).
Mens Madelen blei brukt både sentralt på midtbanen, som indreløpar og ving, spelte Vilde både ving, indreløpar, sentralt og som spiss.
Les òg: Tre frå Os i nytt kretsuttak (gutar 14)
Tre jamne rundar
Hordaland spelte mot både Oslo, Agder og Rogaland. Den første kampen, mot Oslo, vann dei 2-1, dei to neste enda begge med 0-1-tap.
– Det var jamne kampar. Vi spelte ganske bra, men var litt stressa i periodar, synest Vilde.
– Mot Rogaland kunne vi like gjerne ha vunne, vi produserte veldig mange sjansar mot slutten av kampen, fortel Madelen.
Vilde fortel om samling i oktober før uttakt til kretstreningane gjennom vinteren. Madelen er usikker på kva som gjenstår med 01-laget, som snart blir runda av, men seier dei skal ha ei avsluttande turnering på nyåret.
Vilde trener litt med Fyllingsdalen for tida, Madelen trener fast med toppserielaget Sandviken éin gong i veka.
Her er troppen som var til Nærbø i helga:
Amanda Prevost - FK Fyllingsdalen
Hannah Markussen - Tertnes FD
Eline Løvmo - FK Fyllingsdalen
Ane Sørbrøden - Smørås IL
Tuva Jørgensen - Stord Fotball
Johanna Eikenes - Stord Fotball
Mia Lie Neset - Sotra SK
Amalie Hatland - Tertnes FD
Vilde Drange Veglo - Os TF
Julie Solberg - Olsvik IL
Madelen Holme - IL Gneist
Elise Kvinge - Bønes IL
Oda Pettersen - FK Voss
Ina Mørkve - FK Voss
Tuva Førde Furu - FK Voss
Christine Andersen - Nymark IL
Kristin Beltestdd - FK Fyllingsdalen
Sofie Kjøpstad Norvik - Nymark IL
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.