– Vill biljakt forbi Os sentrum
Ein svart audi forsvann inn Hegglandsdalen med to politibilar etter seg.
Fredag klokka 17.44 fekk Midtsiden tips om biljakt gjennom rundkøyringa i Os sentrum og opp Hatvikvegen.
– Politi i sivilbil sto motsett veg, på veg inn i rundkøyringa, då ein svart audi kom imot meg på Osbrua, fortel eit vitne.
Bilen hadde stor fart og delvis pressa seg fram mellom bilane.
– Den sivilie politibilen snudde og kom etter. Begge køyrde i stor fart forbi meg, mellom bilane og opp Hatvikvegen. Sjølv svingte eg inn til sida for å redusera risikoen for å få bilane i sida.
Bilen som stakk frå politiet skal ha sett ut som en sprek variant.
Kom seg unna
Midtsiden var i sentrum og følgde etter. I rundkøyringa møte vi ein patruljebil utan blålys, som køyrde motsett veg.
Denne snudde, kom etter og køyrde forbi oss på Lyssand.
– Bilførar stoppa ikkje på signal frå politiet. Patruljen kjente han igjen, det er ein mann i 20-åra frå Os som ikkje har førarkort, fortel operasjonsleiar Morten Kronen i Vest politidistrikt.
I Rødsliane snakka vi med ein som kom motsett veg. Vedkomande hadde møtt audien i ein voldsom fart inne i Rolvsvågen.
– Eit stykke bak kom sivilbilen, men den låg bak to bubilar, og eg trur ikkje dei forsto at dei hadde politiet bak seg. Dei tar neppe den audien igjen, sa vitnet.
Klokka 18.18 opplyser politiet at dei har gjeve opp jakta.
– Men vi kjenner bilen og førar, og skal ta oss ein prat med han, seier Kronen.