Kultur | 08. feb. 2012

Vill stemning på litteraturdagen

VIDEO: "Eg blir heilt rørt! Det står ungar utanfor rådhuset og seier dei elskar å lesa". Kultursjef Lisbeth Axelsen.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 08. feb. 2012 21:11

Bildeserie:

– Kjem det mange i dag? (Foto: KVB)
– Kjem det mange i dag? (Foto: KVB)
Forbipasserande syntes det var eit morosamt stunt. (Foto: KVB)
Forbipasserande syntes det var eit morosamt stunt. (Foto: KVB)
Så kom 5. klasse ved Kuventræ skule. (Foto: KVB)
Så kom 5. klasse ved Kuventræ skule. (Foto: KVB)
Og 6. klasse ved Os skule. (Foto: KVB)
Og 6. klasse ved Os skule. (Foto: KVB)
Ungane fekk blomar før toget starta. (Foto: KVB)
Ungane fekk blomar før toget starta. (Foto: KVB)
Klar til avmarsj. (Foto: KVB)
Klar til avmarsj. (Foto: KVB)
Biblioteket next! (Foto: KVB)
Biblioteket next! (Foto: KVB)
Frode Sirevåg leia an med slagord og allsong. (Foto: KVB)
Frode Sirevåg leia an med slagord og allsong. (Foto: KVB)
Vel framme var det fanfare, premiar og tale. (Foto: KVB)
Vel framme var det fanfare, premiar og tale. (Foto: KVB)
Så var det bollar å saft å få. (Foto: KVB)
Så var det bollar å saft å få. (Foto: KVB)
1 av 10

"Ivar Aasen er kul!" "Opp med biblioteket!" "Dikt eier!"

Slagorda hagla utanfor rådhuset i dag.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

– Dette er ikkje eit demonstrasjonstog, det er det motsette, sa Frode Sirevåg.

Sirevåg er festivalsjef på den komande WT Litteraturfestival, som blir arrangert i Os i november i år.

Les òg: Lager lokal litteraturdag

BRA OPPMØTE

Dagens stunt var "den lokale litteraturdagen i Os". På programmet sto oppmøte ved rådhuset, marsj til biblioteket, tale, premiar, bollar og saft.

Og Frode Sirevåg slapp å gå åleine, 5. klasse frå Kuventræ og 6. klasse frå Os skule møtte samanb med ein gjeng frå dagsenteret fram for å gå i tog.

Utan heilt å veta kvifor.

KULTURSJEFEN KVAPP

Men alle var med då Sirevåg hylte ut det eine slagordet etter det andre, det ljoma mellom husveggane i Os sentrum.

Kultursjef Lisbeth Axelsen, som har vore på ferie i utlandet nyleg, hadde ikkje fått med seg planane om tog og litteraturdag.

– Ho ringte meg heilt forskrekka. "Det er så rørande! Det står ungar utanfor kontoret mitt og roper at dei elskar å lesa og at dei elskar biblioteket!", fortel bibliotekar Elisabeth Tøsdal om Axelsens respons.

Kultursjefen kasta seg ut på Osøyro og opp til biblioteket for å få med seg feiringa.

SJÅ VIDEO:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.