Gisle Hesjedal (Ap) fremja forslag om at ein skulle be rådmannen høra med eigarane av Borgafjell barnehage om dei var interessert i å selgja (foto: Andris Hamre)

Ville be rådmannen kjøpa Borgafjell

Gisle Hesjedal (Ap) fekk ikkje fleirtal for å gje rådmannen fullmakt til å undersøka om eigarane av Borgafjell barnehage vil selja til kommunen.

Av: Andris Hamre

I tenesteutvalet onsdag orienterte barnehagefagleg rådgjevar og barnehagemynde i Os kommune, Irene Ullensvang, om det avslutta tilsynet med Borgafjell barnehage. Ho la ikkje skjul på at det hadde vore ein krevjande prosess både for barnehagen og for kommunen.

– Os kommune sine forventingar til god drift har lagt der heile tida, både til Borgafjell og dei andre barnehagane i kommunen. Tilsynssaka er no lukka og blir følgd opp som tenkt. Vi er i fast dialog med barnehageeigar i møtepunkt som blir avtalt mellom oss, orienterte Ullensvang, som ikkje ville gå i detaljar på møtet.

Er alt i orden?

Ho fekk skryt frå fleire av politikarane for den ryddigheita ho og kommunen hadde vist gjennom handsaminga av tilsynet.

– Det er ein av dei mest krevjande sakene de har stått i. Det har også vore ei av dei viktigaste sakane. Det er grunn til å berømma arbeidet som administrasjonen har gjort i tilsynet.

– Tilsynet avdekka formaliteter som no er i orden, men det ein svakhet med tilsynet at det kanskje ikkje seier noko om korleis realitetane er. Eg får framleis meldingar frå foreldre og andre som går direkte på bedriften der opp. Ting er ikkje så bra som det burde vore, sjølv om formalitetane er i orden, kommenterte Gisle Hesjedal (Ap).

Foreslo kjøp

Hesjedal tok allereie då tilsynet pågjekk til ordet for at kommunen skulle tilby seg å kjøpa barnehagen av omsyn til ungane som går der.

– Tilbakemeldingane eg fekk frå ordføraren var at så lenge det var eit pågåande tilsyn, så kunne det lett oppfattast som ei rolleblanding om kommunen kom med eit tilbod om kjøp.

– Eg trur framleis det er fornuftig om Os kommune hadde tilbydd seg å kjøpe barnehagen med alle tilsette og barn som går der.

– Eg har difor eit framlegg til vedtak kor rådmannen blir gitt fullmakt til å gå i dialog med eigar med formål å kjøpa barnehagen. Saka går vidare til formannskapet for utforming av detaljar i fullmakten, herunder dei økonomiske rammene.

Ullensvang påpeikte at ho som barnehagemynde ikkje kunne forholde seg til ting som blei sagt, men at ho måtte helde seg til fakta.

– Når det gjeld kjøp, så er ikkje det mitt bord, svara Ullensvang.

Fekk ikkje fleirtal

Hesjedal, fekk støtte av Siren Tømmerbakke (Sp) i sitt innspel, men ikkje hos dei andre i tenesteutvalet.

– Frp og Høgre vil ikkje støtta framlegget. Vi har fått til handsaming eit avslutta tilsyn. Der står det at Os kommune har tilbydd seg å følgja opp barnehagen, noko dei har takka ja til, kommenterte Eirik André Hesthamar (Frp).

– Vi kjem heller ikkje til å støtta det. Vi meiner at no har kommunen avslutta tilsynet, så no handlar det om å byggje opp att tilliten til barnehagen. Eit eventuelt kjøp får vi koma tilbake til, supplerte Emil Tetlie Brimsholm (H), før framlegget blei nedstemt mot Ap sine to og Sp sin eine stemme.

Fleire saker