Lokal | 17. jan. 2018

Ville selja stolen motor via Finn.no

Tjuveri av fire påhengsmotorar på Strøno kan vera oppklart.

Ville selja stolen motor via Finn.no
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 17. jan. 2018 08:33

Søndag rykte politiet ut på melding om tjuveri av minst éin påhengsmotor frå ein båt som ligg i Lønnevågen i Nordstrøno.

– Det viser seg at det, i løpet av den siste månaden, er stole fire påhengsmotorar frå denne marinaen, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Men forsøk på å selja den eine motoren kan no ha avslørt tjuven.

Fann to motorar under ransaking

Ein av dei som har vore utsett for tjuveri, har den siste tida følgt nøye med på kva som har blitt lagt ut for sal.

Dei fleste av dei fire påhengsmotorane som er stolen har 9,9 hestekrefter.

– Då han plutseleg kjente igjen motoren sin, fekk vi eit avgjerande spor.

Måndag var politiet på ransaking hos mistenkte, som bur i Os, fann dei to påhengsmotorar.

Mistenkte, som er i 20-åra, blei tatt med til arresten i Bergen.

Erkjenner ikkje forholdet

Politiet reknar med at begge motorane dei fann er stolne i Strøno. Dei reknar òg med at det er same mann som tok dei to anre motorane, men at desse no er selt.

Mistenkte erkjenner ikkje å ha stole nokre av motorane, men politiet festar ikkje lit til forklaringa hans. Mannen er kjent for politiet frå før.

– Vi har digitale spor som gjer at vi kan kopla mistenkte til alle fire tjuveria. I tillegg er vi i dialog med Finn.no om utlevering av historikk og andre opplysingar. Vi har òg snakka med dei vi trur har kjøpt dei to andre motorane.

Tysdag var politiet på ny ransaking på adressa, for å sjå om andre ting i husværet kan vera tjuvgods. Dei fann ikkje noko meir.

Mistenkte var i avhøyr måndag kveld og tysdag kveld, og fekk etter avhøyr i går sleppa fri frå varetekt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.