Lokal | 16. des. 2012

Vinden tok straumen

Det var ikkje berre båtar som blei skadd i vinden natt til laurdag.

Vinden tok straumen
Montør i sving i Varåsen laurdag. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 16. des. 2012 08:29

Natt til laurdag var det kraftig vind og høge bølgjer i Os, noko som førte til fleire forlis i båthamna på Hatvik.

Les òg: Dagen derpå i Hatvik

Men det var også nokre tre som ikkje klarte å stå imot vinden.

På Mobergslia la eit tre seg over linjene, det same skjedde ved snuplassen på Rød, inst i Hegglandsdalen.

I Øvre Varåsen hadde vinden fått så mykje sving på kablane at ein av dei rauk.

– Det er berre eitt hus som er utan straum som følgje av denne skaden.

– Vi skal ut på nokre andre oppdrag også, der det ligg tre over nokre lavspentkablar. Der skal det ikkje vera snakk om straumbrot, foreløpig, fortel montøren som var i sving i Varåsen laurdag.

På Byvegen såg det også ut til å ha vore problem, laurdag kveld var det ikkje veglys mellom AMFI Os og krysset inn til Gymnasvegen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.