Vinden tok trampolina
Politirapport: Vind tok trampoline, mann tok varer på Meny.

Bli varsla om siste nytt:
Følg Midtsiden.no på Facebook
Det blåste sterk kuling langs heile kysten natt til tysdag. Sjølv med dei sterke vindkasta har politi, brannvesen og teknisk vakt på kommunen hatt ei roleg natt.
- Det einaste som har kome inn av meldingar er ei trampoline rett sør for Søfteland skule som har fått seg ein flygetur, fortel brannmester Stein Gjøsund.
Midtsiden.no fekk tips frå pendlande osingar om trampolina omlag halv åtte tysdag morgon. Ein liten time seinare hadde BKK vore på plassen og fått ho ned.
Rappa varer
Tysdag morgon fekk politiet melding om at ein mann hadde vore inne og rappa med seg nokre varer.
- Patrulja har vore på staden og sikra videoovervakinga som bevis, fortel lensmann Rasmus Dalen.
- Vedkommande er kjent. Vi kjem til å oppretta sak, forklarar lensmannen
Båt full av vaten
Ei av ferjene som trafikkerar Halhjem meldte tysdag morgon om ein småbåt som låg full av vatn like ved ferjeleiet.
- Det har blitt oppretta kontakt med båteigaren, og dei vil stikka ut der og ausa båten sjølv, avsluttar Dalen.