Kultur | 31. okt. 2012

Vinn billettar

Saman med Stand Up Norge gjev vi vekk 3 x 2 billettar til ekstraframsyninga av Damenes LATTERgalla i Oseana torsdag.

Vinn billettar
Lisa Tønne, Marit Voldsæter og Cecilie Steinmann Neess kjem til Oseana torsdag. No kan du vinna billettar. (pressefoto)
Andris Hamreonsdag 31. okt. 2012 12:21

Torsdag 1. november besøker Marit Voldsæter, Lisa Tønne og Cecilie Steinmann Neess, tre av noregs fremste kvinnlege komikarar Oseana med to framsyningar av Damenes LATTERgalla.

- Både Marit og Cecilie har vore hjå oss før. Det skal bli utruleg kjekt å få dei på besøk igjen, seier arrangementssjef Berit Steen.

Den første framsyninga klokka 19.00 er praktisk talt utseld.

- Då vi såg at billettane blei riven vekk bestemte vi oss for å setja opp ei ekstraframsyning klokka 21.30, fortel Rune Viken i Stand Up Norge.

Vinn to billettar

Til ekstraframsyninga er det framleis plassar. Midtsiden har difor fått moglegheiten til å gje vekk seks billettar fordelt på to billettar til tre vinnarar.

For å vinna billettane må du svara på tre (enkle?) spørsmål.

Send svaret ditt til andris@midtsiden.no innan torsdag klokka 12.00.

Oppgje mobilnummeret ditt slik at vi kan kontakta deg om du vinn!

1: Kva heiter showet Marit Voldsæter sist vitja Oseana med?
A: Drit i å danse
B: Med ræven i fatle
C: To fram og ein tilbake

2: Kva heiter Lisa Tønne sin mest kjende mannlege karakter?
A: Ola Nordmann
B: Ali Reza
C: Mohammed Ali

3: Cecilie Steinmann Neess er kjend frå ein tv-serie på TV2, kva heiter denne?
A: Farmen
B: Hotel Cæsar
C: Kollektivet

Svarfrist: Torsdag 1. november klokka 12.00. Send svaret ditt til andris@midtsiden.no.

Vi deler ut 3 x 2 billettar til ekstraframsyninga klokka 21.30 torsdag 1. november på Oseana. Hugs å oppgje navn og mobilnummer slik at vi får holdt av billettane og kontakta deg om du vinn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.