Kultur | 04. juli 2012

Vinn fri entré på Søfteland

Midtsiden deler ut 2 festivalpass til Søfteland Rock N LOL - til 2 av dei som svarer rett på desse 3 spørsmåla. (oppdatert med vinnarar)

Vinn fri entré på Søfteland
Nokre av artistane som kjem til Søfteland til helga.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 04. juli 2012 10:49

Fredag og laurdag går årets Rock N LOL av stabelen.

Midtsiden samleside: Søfteland Rock N LOL

Arrangørane sel både dagsbillettar og pass, festivalpass som gjev deg inngang begge dagane.

Dersom du sender oss rett svaralternativ på alle dei tre spørsmåla under, innan onsdag klokka 21.00 (i kveld) er du med i trekninga av to festivalpass.

OPPDATERT: Sjå rett svar og namn på vinnarane under spørsmåla.

1. Bildet over viser delar av fire av banda som kjem til årets Rock N LOL. Kva band er representert på bildet?
A: Audrey Horne, Deathcrush, Enslaved og Samsaya
B: Heilag Olav, The Beauty, Datarock og Ribozyme
C: Kvelertak, Verk, Herr Nilsson, The Angry Wasps og Abstractium

2. Enslaved har gjeve ut elleve studioalbum og vunne fire spellemannsprisar. Fredag rundar dei av første festivalkveld på Søfteland. Enslaved blei starta i 1991, men kvar?
A: Stavanger
B: Ålesund
C: Sveio

3. El Caco frå Lillestrøm speler også på Søfteland på fredag. Kva betyr det spanske bandnamnet El Caco?
A: Kaka
B: Tjuven
C: Klin hakka galen

Send svara dine til kjetil@midtsiden.no innan klokka 21 onsdag 4. juli.
Vinnarane blir publiserte på Midtsiden.no torsdag formiddag.

RETT SVAR ER, A, C og B.

VINNARANE, som får kvar sitt festivalpass (fri entré begge festivaldagane), er:

Jeanett Nævdal og Ann-Kristin Oen.

Responsen på konkurransen var fantastisk, med 119 innsendte svar i løpet av onsdagen.

Vinnarane kan henta billettar i inngangen til festivalområdet ved ankomst. Ta med legitimasjon.

God fornøyelse!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.