Kultur | 08. juni 2010

Vinnar og ny runde

VINN BILLETTAR: Her er vinnaren frå runde 2 og nytt spørsmål. Svar rett og vinn billettar til CC Cowboys-konsert.

Vinnar og ny runde
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 08. juni 2010 08:48

Midtsiden deler ut 10 billettar til Osøren Blues & Jazzfestival-konserten med CC Cowboys, Eric ”Slim” Zahl & South West Swingers og Fredrik Strand Halland Band.

Konserten blir halde i Vognhallen fredag 25. juni.
Dei to billettane har ein samla verdi på 900 kroner.

Kvar veke fram til festivalen trekk vi ut éin vinnar av to billettar.

I førre veke spurte vi:
Den amerikanske bluesdivaen Angela Brown skal med the Mighty 45’s spela årets kyrkjekonsert om sundagen under festivalen. Men Brown og bandet blir også å sjå på kveldstid ein av dagane i forkant. Kvar og kor tid?

Vinnaren er:
Rett svar: Laurdag 26. juni kl 19.30, noko 27 visste.
Morten Døsen blei trekt ut som vinnar.

Rockesjef Kjetil Grønvigh sto for trekninga, og valt sin eigen bursdag (23). Døsen var altså 4. mann som svarte rett på konkurransen.

Ny oppgåve - nye billettar:
For å vera med i trekninga i neste runde må du denne veka svara rett på følgjande spørsmål:

Utanom opningskonserten i sentrum, kyrkjekonserten sundag og cruisa om bord på MS Midthordland blir alle årets konsertar halde i Vognhallen eller Visningssenteret.

Kva arkitektkontor har teikna Vindu mot Fjorden, som Visningssenteret ligg i?

Send svaret ditt til kjetil@midtsiden.no
Svarfrist: Fredag 11. juni klokka 12.

Vinnaren blir annonsert på Midtsiden.no saman med nytt spørsmål måndag 14. juni.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.