Kultur | 28. mai 2010

Vinnaren, runde 1

Den første av fem rundar er over - her er vinnaren av to billettar til Vognhallen fredag 25. juni.

Vinnaren, runde 1
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. mai 2010 12:29

Midtsiden deler ut 10 billettar, 2 kvar veke i 5 veker, til konserten med CC Cowboys, Eric ”Slim” Zahl & South West Swingers og Fredrik Strand Halland Band.

Konserten blir halde i Vognhallen fredag 25. juni under Osøren Blues & Jazzfestival.
Dei to billettane vi kvar veke deler ut har ein samla verdi på 900 kroner.

Tysdag la vi ut det første spørsmålet:
Kven skal spela opningskonserten (gratis) i Visningssenteret klokka 17 denne fredagen?

Svaret er «Marius Neset».
36 lesarar har sendt oss rett svar.

Vi ringte lensmannskontoret for å ta trekninga. Trekninga blei gjort per telefon, der politibetjent Pål Christensen blei bedt om å seia eit tal mellom 1 og 36, der 1 ville gjort det ferskaste svaret til vinnar, 36 den første som svarte på spørsmålet.

Christensen sa 22 - og vinnaren blei Vidar Mjånes.

Mjånes, som for ein del år sidan vann to premiar på rad i konkurransar på Midtsiden.no, svarte rett, og skreiv i tillegg «Kor tid kan eg henta billettane»

Trass i den eplekjekke stilen vil vi gratulera Vidar med to billettar til konserten!

Neste spørsmål blir lagt ut førstkomande måndag.
Premien er den same.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.