Næringsliv | 06. jan. 2010

Vintervêr gav vekst

AMFI Os avslutta 2009 med rekordstor julehandel. Snøen får delar av æra.

Vintervêr gav vekst
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 06. jan. 2010 06:23

Butikkane i AMFI Os omsette for til saman 58,6 millionar kroner i desember 2009, heile 6,81 prosent meir enn i desember 2008.

- Eg trur vi kan takka det fine vintervêret for delar av veksten, sportsbutikken og skobutikkane er blant dei som har hatt ekstra stor auke i omsetnad i forhold til same månad året før, seier senterleiar Anne Kristine Tøsdal.

Også når ho ser på samanliknbare butikkar er veksten i julehandelen på over 6 prosent, nærmare bestemt 6,42 prosent.

Litt ommøblering
2009 sett under eitt landa omsetnaden på 412,5 millionar kroner, ein vekst på berre 0,56 prosent.

- Den gode julehandelen redda totalen for året. 2009 har vore eit år med ein del flytting og byggearbeid, så vi har hatt nokre periodar der enkelte butikkar har hatt redusert omsetnad.

Det har også vore nokre utskiftingar av leigetakarar, så når det gjeld samanliknbare butikkar er ikkje veksten så verst likevel, 5,54 prosent er høgare enn AMFI-snittet på landsbasis, som truleg landar på drøye 2 prosent.

Eitt ledig lokale
Med Elkjøp si utviding i året som gjekk har det blitt færre leigetakarar i senteret, frå 46 til 41.

- No har vi berre eitt ledig lokale, i andre etasje der den konkursramma kjeden Wistex heldt til. Det har vore nokre interessentar, men kom ikkje i mål med ny leigetakar før jul, seier Tøsdal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.