Laurdag ettermiddag møtte Lysekloster Sotra på bortebane. Etter ein god førsteomgang med mål av Tommy Gaustad og Martin Pedersen gjekk bortelaget til pause med ei grei 2-0-leiing.
– Vi speler ein veldig god førsteomgang og har full kontroll både med og utan ball. Vi skårer to mål og burde vel ha hatt minst eitt til. Med unntak av ei lita sjanse produserte Sotra ingenting, oppsummerer Ruben Hetlevik.
Men denne kampen, endte som førre, med poengdeling. I mellomtida har Brattvåg tatt Lysekloster igjen poengmessig, og ligg no framfor på målforskjell.
Sotra - Lysekloster 2-2 (0-2)
Lyskloster : Chris Sunde, Torvald Trætteberg, Denis Ljubovic, Durim Muqkurtaj, Kapinga Brazy, Martin Pedersen, Espen Birkeland, Vladan Radojkic, Joakim Helland, Tommy Gaustad og Kristoffer Østervold.
Innbyttarar med speletid: Ole Thomas Herrem, Ken Joar Føyen og Thomas Aarsund
Var ikkje til å kjenna att
Allereie etter to minutt ut i andre omgang reduserer vertane til 1-2.
– Vi får eit unødvendig dødballmål mot oss. Chris Sunde glipper ballen i feltet og dei skårar.
– Dei neste tjue minutta blir prega av målet. Begge laga prøver å ta kontroll på kampen.
Gigantiske sjansar
Hetlevik fortel at Lysekloster omlag midtvegs i omgangen har sjansen til å punktera kampen.
– Då er vi frampå med tre gigantiske sjanser kor vi er aleine med keeper. Men vi bommer på ope mål eller ballen. Sotra har då ingen sjanser og vi held dei unna, men når vi ikkje klarer skåra, så blir vi straffa til slutt.
– Dei slår ein lang ball opp, som toppskåraren deira får kontroll på og set i mål.
– Eg er veldig skuffa over at vi ikkje klarer å ta dette heim. Eg meiner vi er det beste laget og hadde absolutt fortent tre poeng.
– Etter to uavgjorte kampar på rad er det no på tide for revansje når vi møter Brann 2 og Haugesund 2 før ferien, avsluttar Hetlevik.
Begge dei to kampane går heime på Lysekloster Framo Idrettspark.