– Vis omsyn
Torsdag startar skulane igjen. Politiet vil vera på plass for å gje råd og vink første skuledag. - Vis omsyn og vær aktsom, er oppmodinga.
I samband med oppstart vil det vera mange nye førsteklassingar på skuleveg for første gong. Som tidlegare år vil lensmannskontoret i Os vera til stades for å rettleia born og foreldre ved fleire av skulane.
- Vi kjem til å stå på eindel av skulane og snakka med borna og foreldra om korleis forhalda seg på skuleveg.
- I tillegg er det sjølvsagt viktig for oss å vera synlege og å sjå etter at borna er godt sikra og at bilførarene er aktsome. Fart og mobiltelefonbruk er dømer på ting politiet vil vera ekstra merksamme på, fortel politibetjent Pål Christensen, trafikkansvarleg ved Os lensmannskontor.
Set bilen heime
Christensen er klar over at mange har ein travel kvardag, og kanskje spesielt på morgonen med levering på skule og barnehage før dei skal på arbeid.
- Eg vil oppmoda dei som kan om å la bilen stå og heller følgje borna til fots.
- Alternativt parkera litt unna og gå det siste stykket. Hugs det er mange mjuke og nye trafikantar som skal til skulen samstundes.
Lær dei vegen
Den trafikkansvarlege er oppteken av at foreldra lærar ungane den tryggaste skulevegen.
- Gå saman med ungane og lær dei korleis forhalde seg i trafikken. Kor må dei vera ekstra merksam, korleis oppføra seg og kva som er dei farlege plassane.
- Det er òg viktig at foreldar understrekar at når ungane er ute i trafikken så er ikkje det ein leikeplass. Om ein er uheldig å skubba noko ut i vegen kan uhellet fort skje, seier Christensen.
Statistikken dei seinaste åra fortel at elevane har vore flinke.
- Vi har ikkje registrert uhell som kan knyttast til skulane dei seinaste åra.
Tips til skulevegen
Christensen har nokre generelle råd som kan vera greie å lære ungane på skuleveg.
- Bruk refleksvest og reflekstrekk på sekken, då er det lettare for bilane å sjå deg.
- Sjå deg godt for.
- Kryssar du eit lysregulert fotgjengarfelt, så vent på grøn mann.
- Kryssar du vegen i eit vanleg fotgjengarfelt eller på andre stader så sjå først til venstre, så til høgre også til venstre igjen før du går ut i vegen.
- Ikkje løp over og langs vegen.
- Gå godt inne på fortauet og ikkje nærmast bilane.