Lokal | 13. aug. 2014

– Vis omsyn!

Lensmannskontoret vil ha kontrollar og vera på plass rundt skulane ved skulestart.

– Vis omsyn!
Politioverbetjent Audun Hadler-Olsen ber bilistane vera ekstra aktsomme rundt skulane når dei byrjar måndag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 13. aug. 2014 10:35

Måndag startar skulene igjen etter ferien. Lensmannskontoret vil bidra til å gjera starten til ei god og trygg oppleving.

– Vi ønskjer at alle elevane skal få ein god og trygg start på det nye skuleåret.

– Difor kjem vi til å vera synleg ved alle skulane dei første dagane.

– Om det er nokon som har noko dei lurer på eller vil snakka med oss er det berre hyggeleg om dei tar kontakt, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Ikkje godt nok utvikla trafikkforståing

Hadler-Olsen oppmodar føresette og andre som har tenkt å køyra ungane til skulen om å vera særs aktsame.

– For mange av dei små vil det vera ei utfordring å skulle forholda seg til trafikkbilde rundt skulen.

– Barn har ei trafikkforståing som ikkje er godt nok utvikla, difor må alle bilistar som ferdast rundt skulene vera ekstra varsame.

– Det kan opplevast som ganske kaotiske tilstander rett før skuleklokka ringer inn, eller ved skuledagens slut.

Parker, og gå siste stykket

Lensmannskontoret har fleire råd dei håper bilistane tek med seg.

– Skal du køyre ungen til skulen, så rår vi deg til å ha god tid. Parker gjerne bilen litt unna og gå det siste stykket saman med eleven.

– Hald låg fart og ver ekstra merksam.

– Sørg for at eleven er godt synleg i trafikken, gjerne med refleksvest allereie no. Dette gjer at dei vil vera lettare å få auge på, avsluttar Hadler-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.