Viser styrke i Spania
Lysekloster møtte satsingslag frå 3. divisjon då dei spelte treningskamp på Mallorca i går.
Med greit kontaktnett, god organisering og stor velvilje i stallen har Lysekloster klart å få alle 24 mann med på å betala eigen treningsleir i Spania i påsken.
– Overnatting klarte eg å fiksa på ein fin måte, flyreise blei litt psulespel med litt ulike avreisetidspunkt, men vi fekk heile gjengen trygt fram, seier trenar Ørjan Sandal nøgd.
2 veker - 1 kamp
Tysdag 27. mars gjekk turen sørover, onsdag 11. april skal den ferske fjerdedivisjonsklubben vera heime, klar for seriestart i det som kan bli opprykkssesong nummer fire på fire år.
– Vi har hovudfokus på trening, men det var lagt opp til éin treningskamp på turen, seier Sandal.
Slo Flekkefjord
Den kampen gjekk tysdag og Lysekloster viste at formen sit 10 dagar før seriestart.
– Vi spelte ein svært god førsteomgang og leia 1-0 til pause.
– I 2. omgang blei vi trøytte, men vi klarte setja to til i nota.
Lysekloster vann 3-0 over eit Flekkefjord, eit "hardtsatsande 3. divisjonslag", ifølgje Sandal.
Målskårarar: Frode Bergum Hansen, Christoffer Robin Larsen og Morten Sætre.
Lysekloster startar serien med bortekamp mot Lyngbø laurdag 14. april. Laurdagen etter er første heimekamp i 4. divisjon, den går mot Loddefjord.