Lokal | 19. jan. 2021

Viss du lurte ...

Fekk melding om person på isen i går, korrigerte skilt i dag.

Viss du lurte ...
Det blei berre 2-3 dagar med farbar is i denne omgang. Her frå Ulvenvatnet 6. januar, då stålisen var 11 cm tjukk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 19. jan. 2021 09:52

Etter ei god veke med nesten tjukk nok is, blei isen ved 4 av 5 vatn som brannvesenet måler fredag 15. januar skilta som farbar.

Folk koste seg på isen, laurdag utover kvelden rundt lyssøyla til Røde Kors på Banktjørn.

Men søndag kom plussgradar og regn, og regnvêret heldt fram måndag.

– Er det likevel folk som har vore på isen?

– Politiet skal ha fått melding om ein person på isen på Lekvenvatnet i går, måndag, seier Morten Moberg frå Bjørnafjorden brann og redning.

I dag har brannvesenet vore ute og tatt vekk skilta som dekker «ikkje», sånn at dei fire vatna står skilta med at isen ikkje er trygg.

Mildvêr og regn dei neste dagane

– Kor tjukk er isen no?

– Vi målte den ikkje. Det ligg 15 centimeter vatn oppå isen, så den smeltar ganske fort no.

Isen på dei fire vatna som var skilta som farbare var 15-20 centimeter tjukk på fredag. Men det er meldt 4-5 plussgradar og meir nedbør fleire dagar framover.

Det er meldt opphaldsvêr ut dagen i dag og fram til lunsj onsdag, så skal det regna nærmast samanhengande fram til søndag morgon.

Då kan det koma sol og noko kaldare vêr.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.