Kultur | 05. mars 2010

Viss grisar kunne fly

... så ville Os fått operahus. Det nærmar seg generalprøve og premiere på Nor å Ne sin kOSekveld.

Viss grisar kunne fly
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 05. mars 2010 09:19

Bildeserie:

1 av 5

- Det er ein del som har stussa når dei har sett plakaten vår, seier Susan Askvik om det manipulerte bildet av operahuset i Sidney, plassert på Mobergsneset, med store, flygande griser i lufta over.

SJÅ FILM OG FLEIRE BILDE NEDST I ARTIKKELEN

- Grisane har ikkje noko med svineinfluensa å gjera, dei skal forestilla eit uttrykk eg og James Tylor, som har laga plakaten, er kjent med frå vårt heimland. "If pigs could fly ..." betyr at noko er usannsynleg. Og ein raud tråd i årets Nor å Ne-revy er Oseana, som kanskje ikkje alle ser for seg skal bli ferdig.

Førebur seg
Berre tre av dei åtte skodespelarane i årets Nor å Ne-revy var med i fjor. Medan andre gjengangarar har flytta på seg eller vore opptatt, har Thomas Helgesen trappa opp skrivinga og levert om lag 90 prosent av tekstane.

- Eg starta revykarriera mi som student i Sogndal, og heldt fram i Florø før eg flytta heim. No når idretten er lagt på hylla er det kjekt å ha slike ting å driva med på fritida, seier Thomas.

Sjølv om Oseana enda opp med å bli den raude tråden i årets revy, ser Nor å Ne-gjengen like mykje fram til opninga av det nye kulturhuset som dei fleipar med prosjektet.

- Det er klart det blir stort for oss og alle andre som driv med scenekunst, å få ein slik plass å boltra seg på. Vi førebur oss no på å bli den nye vinen, vi saman med andre eldsjeler som skal laga liv i Oseana, seier Helgesen på ei av dei siste øvingane før generalprøve og premiere på kOSekveld fredag 12. mars.

Vår første vakt
I tillegg til skodespelarane Bjørn Aspevik, Anna S. Linden, Susan Askvik, Sissel Kallekleiv, Andreas Døsen, Tobias Moberg, Thomas Helgesen og Emily Fossmo, har revygjengen med seg musikarar og, for første gong, eige kor, leia av June Strønen.

Blant dei som blir parodiert i kOSekveld er Laila Reiertsen (stortingsrepresentant, Frp), kunstnar- og forfattarfamilien Mæland, ordførar Terje Søviknes, varaordførar Marie Bruarøy og ein vakt.

- Sketsjen handlar om Os sin første parkeringsvakt. Eg vil ikkje røpa kven det er, men folk forstår nok kven som hadde passa best inn i denne rolla, seier Helgesen.

kOSekveld med Nor å Ne kan du oppleva i Nore Neset Aktivitetshus 12. og 13. og 19. og 20. mars. Laurdagane blir det i tillegg dansekveld med Vegard Skorpen med band.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.