Lokal | 07. aug. 2019

Visst skal det vera trygt å veksa opp

Lesarinnlegg: Det tar seg ikkje ut å gjera eit minimum av det ein er pliktig til, og så skryte av det.

Visst skal det vera trygt å veksa opp
Torgeir Skjælaaen, her i kommunestyret i mai i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 07. aug. 2019 19:56

I sitt lesarinnlegg med tittelen «Det skal vera trygt og godt å veksa opp i Bjørnafjorden kommune» publisert på Midtsiden 15. juli, skildrar Eirik André Hesthamar korleis Frp visstnok tydeleg prioriterer barn og unge først.

Mesteparten av innlegget vert brukt til å snakka fint om ulike tiltak ein har sett i verk for å løysa lovpålagte oppgåver i oppvekstsektoren. Tiltaka som er sett i verk innanfor ramma «Betre læringsresultat» blir framstilt som om dei gjev born og unge i skulane og barnehagane våre eit spesielt godt tilbod som vi alle skal takka Frp for. Sanninga er at desse tiltaka berre løyser tydeleg lovpålagte oppgåver som ein ikkje kunne prioritert ned om ein ønskte det, og at dei alle har brei politisk støtte i heile Os.

Ta til dømes tiltaket Forsterkingslærar. Dette er ressursar som kvar skule får tildelt for å raskt gje hjelp og støtte til elevar som har resultat under bekymringsgrensa på kartleggingsprøvane i småskulen. Vi i Miljøpartiet

Dei Grøne er einig i at det er viktig at desse elevane får god oppfølgjing, men det skulle jo berre mangla; UDIR pålegg jo kommunen som skuleeigar å sjå til at elevar som hamnar under bekymringsgrensa får nødvendig og tilpassa oppfølging.

Det tar seg ikkje ut å gjera eit minimum av det ein er pliktig til, og så skryte av det.

På barnehagefronten er ikkje skrytelista til Hesthamar like lang, med god grunn.

På kommunebarometeret som vart offentleggjort tidlegare i månaden, er Os langt nede på lista - 287 kommunar er betre enn oss. Kva med tidleg innsats her, medan borna er små, ressursar til god integrering og god språkopplæring i dei viktige barnehageåra?

Vi i Miljøpartiet Dei Grøne er ikkje nøgde med å oppfylle minstekravet i lovverket, vi vil ta steg framover, gje innbyggjarane eit betre tilbod enn minimum, og gje dei tilsette i oppvekstsektoren ein betre og endå meir gjevande arbeidssituasjon.

Dette skal vi gjera gjennom å styrka dei kreative faga i skulen, gjennom å tilby god leksehjelp gjennom heile skuleløpet og gjennom å auka kvaliteten på skolefritidsordninga. I tillegg vil vi gjera forsøk med leksefri skule og gratis sfo for elevar som treng særskilt språkopplæring.

Det blir gjort mykje bra i oppvekstsektoren på begge sider av fjorden, men om du vil ha ei politisk leiing som legg til rette for utvikling og eit betre tilbod enn minstekravet, bør di stemme gå til Miljøpartiet dei Grøne.

Godt val!

Torgeir Skjælaaen
3. kandidat for Miljøpartiet dei Grøne Bjørnafjorden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.