Lokal | 19. aug. 2018

Vist vekk etter slåstkamp

Laurdag og natt til søndag: Innbrot i bil, ungdomsfyll i Hegglandsdalen og slåsting i Os sentrum.

Vist vekk etter slåstkamp
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 19. aug. 2018 08:17

Bildeserie:

Vassmengda i Industrivegen fekk folk til å reagera. Dette bildet er tatt torsdag 16. august. (Foto: KVB)
Vassmengda i Industrivegen fekk folk til å reagera. Dette bildet er tatt torsdag 16. august. (Foto: KVB)
1 av 1
Vassmengda i Industrivegen fekk folk til å reagera. Dette bildet er tatt torsdag 16. august. (Foto: KVB)

Klokka 02.50 natt til søndag blei politiet kontakta av ein mann som hadde blitt slått i ansiktet.

– Patruljen møtte partane og har oppretta sak. Fornærma er ein mann i 30-åra, mistenkte er i slutten av 20-åra, fortel operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt.

Mistenkte fekk pålegg om å fjerna seg frå Os sentrum.

Ungdomsfyll

Tidlegare på natta var politiet innom Hegglandsdalen, der det var eit arrangement i regi av neste års russekull.

– Der var det ein del overstadig rusa mindreårige. Ein av dei, ein 17 år gamal gut, blei køyrd heim frå festen.

Innbrot i bil

Laurdag ettermiddag, i 17-tida, fekk politiet melding om innbrot i bil.

Bilen sto parkert i Solstrandvegen, innbrotet har skjedd i løpet av natt til laurdag.

Eit førarkort og noko treningsutstyr er sakna frå bilen.

Sto i rundkøyringa og uroa trafikken

Klokka 21.15 laurdag kveld fekk politiet melding om ein ungdomsgjeng som sto i rundkøyringa i Os sentrum.

– Dei tulla seg, veiva mot bilane og uroa trafikken, ifølgje meldar.

Då patruljen kom fram var ungdomane vekke.

Vatn gjennom asfalt

Laurdag formiddag klokka 10.55 fekk politiet melding om store vassmengder i Industrivegen.

Det var kraftig nedbør og vatn «kom opp gjennom asfalten».

Midtsiden kjenner til at det ofte fossar vatn opp frå ein kum i Industrivegen. Om det i tillegg kom vatn gjennom asfaltdekket er uvisst.

Vegtrafikksentralen blei varsla.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.