Jonathan Dyrstad og Henrik Askvik på Aker Brygge i helga. (Foto: Christina Forstrønen Bruarøy)

Viste Askeladden på Aker Brygge

– Årets sommar får konsekvens for 2019, seier Henrik Askvik.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I helga har båtmessa «Båter i sjøen» blitt arrangert, utandørs og flytande, på Aker Brygge i Oslo.

Blant utstillarane var Askeladden, som sto saman med medeigar og motorleverandør, Suzuki-importør, Erling Sande.

– Vi har med oss åtte båtar, tre båtar i C61-serien, to i C65-serien, P77, C76 og flaggskipet C83, fortel administrerande direktør i Askeladden Boats, Henrik Askvik.

– Denne messa er fantastisk når vêret er bra, og den har starta med bra vêr. I dag ser det ut som om vi får ei roleg og våt avrunding på messa, sa Askvik søndag morgon.

Lager ny design på pilothus-serien

Messa kallar seg Skandinavias største flytane båtutstilling, og hadde i år rekordmange 300 båtar utstilt. Blant desse var det over 50 Norges- og verdslanseringar.

– Vi har lansert nye båtar her før, men i år blir vi ikkje klare med neste nytt før om nokre månadar.

– Det er Pilot House-serien, P-båtane, som skal gjennom eit generasjonsskifte. I første omgang er det berre éin båt, men den skal setja designspråket for resten av serien, og det er eit relativt stort prosjekt for oss.

Askeladden P66 blei lansert i 2010, og har seinare fått selskap av fleire heilårsbåtar i P-serien.

Den første Askeladden Pilot House i neste generasjon skal lanserast i februar, samtidig i Gøteborg og på bergensmessa, som er på Sotra.

– Desse messene kolliderer, og det er litt synd. Vi må dela oss i to, og det endar ofte med at eg reiser til Sverige og dessverre ikkje får treffa båtfolket på Vestlandet. Eg saknar det, men vi har heldigvis andre flinke Askeladden-folk på messa.

Restar etter rekordsommaren?

Askvik seier messa kan vera ein god marknad for dei som vil ha mykje båt for pengane.

– Fleire av utstillarane vil selja ut årets modellar før ny sesong og nye båtar skal ut i marknaden.

– Det er vel lite restar etter årets sommar?

– Sommaren var svært god for mange, også for oss, men vinteren var veldig lang, det gjekk jo omtrent direkte frå vinter til sommar på nokre veker i april og mai.

– Om salet totalt sett er bra, og du går tom for nokre båttypar, er det ofte likevel nok igjen som kan seljast rimeleg på tampen av sesongen.

Den gode sommaren kan uansett få positive konsekvensar i minst éin sesong fram.

– Ein god sommar plar sitja friskt i minne gjennom haust og vinter, og sesongen etter plar vera god for bransjen, seier Askeladden-sjefen.

Han får støtte frå fersk rapport: ifølgje Båtlivsundersøkelsen 2018, utført av Opinion, planlegger 50.000 nordmenn å kjøpa båt dei neste fem åra.

Hordaland på 8. plass

Vi nordmenn er flinke til å bruka båtane våre. 8 av 10 nordmenn var ute på sjøen med båten sin i løpet av 2017, i 2018 var sommaren langt tørrare og varmare.

Men kvar i Noreg er det flest innbyggarar som har båt?

Også dette seier Båtlivsundersøkelsen 2018 noko om. Av fylka med kyst ligg Oslo nedst, der eig berre kvar femte innbyggar båt. I Finnmark har over halvparten av innbyggarane eigen båt.

Andel av innbyggarane som eig båt:
1. Finnmark 51 %
2. Aust-Agder 50 %
3. Nordland 40 %
4. Vest-Agder 38 %
5. Sogn og Fjordane 38 %
6. Vestfold 37 %
7. Møre og Romsdal 36 %
8. Hordaland 35 %
9. Østfold 34 %
10. Trøndelag 32 %
11. Rogaland 32 %
12. Telemark 31 %
13. Troms 31 %
14. Akershus 27 %
15. Buskerud 27 %
16. Oslo 20 %
 

Kjelde: Båtlivsundersøkelsen 2018, utført av Opinion.

Fleire saker