Viste ny monstertruck
VIDEO: Hot Wheel Brothers hadde godt publikum då dei i går kom tilbake med nytt show i Os.
Mykje var likt som showet i juni i fjor, både på parkeringsplassen på Meny og publikumsmengda rundt banen Lemoine-familien hadde rigga til, men showet var kanskje litt meir kompakt.
Her kan du sjå bildeserie og video frå showet i 2013.
– Nytt i år er monstertrucken Bad Baoy, som har ein 550 hk bigblock 383 Stroker Chevy med kompressor, fortel ein av Lemoine-brørne.
Sonen hans Logan (8) og fetrane Bubi og Anton er også del av showet. Anton er berre 4 år, men suste rundt på motorsykkel og hoppa over faren sin, liggande under hoppkanten.
«Sjå då folkens! Herregud!» gjekk igjen over høgtalaranlegget. Den unge konferansieren gjorde ein god jobb, men repeterte seg sjølv mykje og var kanskje i overkant imponert over sitt eige show.
Elles fekk vi sjå burning med army-inspirerte bilar og førarar, kjøring på to hjul med BMW, hopp gjennom brennande plankar og – sjølvsagt – tre monster-trucks som knuste 2-3 andre bilar.
VIDEO: Sjå eitt minutt av det 90 minutt lange showet i Os torsdag. (Foto: KVB)