Lokal | 05. juni 2019

Viste teikningar av nytt parkeringshus

Komande endringar i sentrum: Formannskapet fekk sjå nye illustrasjonar av parkeringsanlegg under grusbanen og rosemalt (!) parkeringsplass på brannstasjontomta.

Viste teikningar av nytt parkeringshus
Sånn kan eit parkeringsanlegg under grusbanen bli sjåande ut. (Ill: ABO Plan & Arkitektur/ Os kommune)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 05. juni 2019 09:55

Bildeserie:

Parkeringsanlegget vert stort - med eigen sykkelparkering. (Ill: ABO Plan & Arkitektur/ Os kommune)
Parkeringsanlegget vert stort - med eigen sykkelparkering. (Ill: ABO Plan & Arkitektur/ Os kommune)
Heile området med Røde Kors-tomta, parkeringsanlegg, prestegarden og Os Aktiv. (Ill: ABO Plan & Arkitektur/ Os kommune)
Heile området med Røde Kors-tomta, parkeringsanlegg, prestegarden og Os Aktiv. (Ill: ABO Plan & Arkitektur/ Os kommune)
Kva med ein rosemålt støttemur på den nye parkeringsplassen kor den gamle brannstasjonen stod? (Ill: ABO Plan & Arkitektur/ Os kommune)
Kva med ein rosemålt støttemur på den nye parkeringsplassen kor den gamle brannstasjonen stod? (Ill: ABO Plan & Arkitektur/ Os kommune)
Ferdig parkeringsplass på Cirkle K-tomta og brannstasjontomta. (Ill: ABO Plan & Arkitektur/ Os kommune)
Ferdig parkeringsplass på Cirkle K-tomta og brannstasjontomta. (Ill: ABO Plan & Arkitektur/ Os kommune)
Det nye «ungdomsområdet» ved Os hamn er planlagd ferdig til Osdagane som startar 26. juni. (Ill: ABO Plan & Arkitektur/ Os kommune)
Det nye «ungdomsområdet» ved Os hamn er planlagd ferdig til Osdagane som startar 26. juni. (Ill: ABO Plan & Arkitektur/ Os kommune)
1 av 5

Prosjektleiar i Os kommune, Halvor Hanevik, hadde med seg nye illustrasjonsbilde av korleis administrasjonen ser føre seg eit parkeringshus under grusbanen i gårsdagens møte i formannskapet.

Politikarane fekk òg sjå korleis administrasjonen ser føre seg at heile området frå Giskavollen, via Røde Kors-tomta og opp til Os Aktiv kan knyttast saman.

– Dette blir stort

Ein entusiastisk Hanevik fortalde at det planlagde parkeringsanlegget under grusbanen kan bli større enn det han sjølv såg føre seg.

– Eg vart sjølv overraska då eg fekk sjå desse skissene, og dette kan verkeleg bli bra. Det de ser her i dag er korleis arkitektane ser føre seg å løysa trafikken, inn- og utkøyring, då med eigen sykkelparking i anlegget.

Hanevik fortalde vidare at planen er no å få ut anbodet på arbeidet før sommaren.

Vidare viste han korleis brannstasjontomta kan sjå ut, etter at den gamle stasjonen er riven og området er gjort om til parkeringsplass. Rosemalt støttemur og dekorativ vegetasjon er blant elementa.

• Les òg: Vedtok parkering under grusbanen (desember 2018)

Noko for alle - heile dagen

Arbeidet med Røde Kors-tomta byrjar òg å ta form;

– Her skal det vera noko for alle, fortalde Hanevik. I tillegg til ei rekkje leikeapparat som inviterer til fysisk aktivitet, ser vi føre oss benkar kor du kan sitja ned og nyta den beste utsikta i Os sentrum.

• Les òg: Elevar teikna leikeplass - fekk 600.000 kroner (desember 2018)

– Utnyttinga av tomta vil ikkje berre gje Os barneskule eit flott nytt uteareale - på ettermiddag og kveld ser vi føre oss at dette skal vera ein park for alle.

Litt bak skjema med Os Aktiv

Arbeidet med Os Aktiv er i full gang i Landboden, men grunnforholda har gjort at prosjektet no er om lag ein månad bak skjema.

– Vi fann rett og slett ikkje festepunkt i leira som ligg i grunnen, fortalde Hanevik.

– Skulen er informert om dette, så dei to klassaromma dei ventar på vert altså no éin månad forseinka. Elles er framdrifta og økonomien i prosjektet god, sa Hanevik.

Ekstra spanande tykte Hanevik det er at Os Aktiv får turngrop og buldrevegg;

– Dette vert eit godt tilbod til dei som kanskje ikkje tykkjer det er kjekt å driva med fysisk aktivitet med ein trenar «hengjande» over seg. Dette vert eit glimrande alternativ til den organiserte idretten.

Heilskapen tel

Hanevik oppmoda formannskapet å sjå heilskapen som no kjem til syne i dei ulike prosjekta nord for sentrumskjerna;

– Dette er berre byrjinga på å aktivisera folk i sentrum. Vi held òg på med å oppgradera paktaren og Borgstova, så når alle prosjekta er ferdige vil heile området invitera til aktivitet - heile dagen.

Hanevik kunne fortelja at då dei lurte på om det var greitt for antivaren om det vart opna opp mellom prestegarden og Os Aktiv, eller om dei såg føre seg at eit gjerde var betre, var svaret klart;

– Dei var ikkje uroa over knuste ruter grunna ballspel - knus så mange ruter de vil, det er mykje betre å gje folk tilgong til området enn å sperra det inne med eit gjerde.

Pumptracken er bestilt

Ved Os Hamn er arbeidet med eit nytt «ungdoms-område» godt undervegs.

– Pumptrack-banen vart bestilt i går, boccia-banen manglar no berre sand. Etterkvart vil det òg komma ein ny popup-park, kunne Hanevik fortelja.

• Les òg: Her kjem ein humpete sykkelbane

At den førre popup-parken kanskje ikkje vart så mykje brukt, var ikkje noko som uroa Hanevik;

– Denne parken er ungdommane i større grad med å utvikla, og eg må seia det er spanande å høyra på kva ungdomen vektlegg.

Om alt går som planlagd, skal det nye området stå klart til opninga av Osdagane 26. juni, avslutta Hanevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.