Måndag fekk politiet melding om pågåande seljar av eit gatemagasin.
– Ei kvinne som sto og selte utanfor ein av Kiwi-butikkane i Os blei vist vekk av oss, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Tysdag var politiet ute og tok skilta av fleire bilar.
– Det var begjæring frå vegvesenet på alle fire. Bilane sto parkert ulike stadar i Os og fleire har stått i ro over lengre tid.