Vita-kjeda har fått ny eigar
Jotunfjell Partners har kjøpt buet etter Cosmetic Group-konkursen.


Måndag blei det kjent at Cosmetic Group, eigar av 207 Vita-butikkar og 23 Loco-butikkar, er konkurs.
Vita på AMFI Os er blant fleire som heldt fram med å halda ope, i tråd med oppmoding frå bustyrar.
– Vi veit ikkje om vi får lønn for dette, men eg gjer dette for dei tilsette og kundane. Vi har hatt mange kundar i butikken desse dagane, spesielt i går, fortel franchisetakar Anita Lyssand.
Klokka 06.30 i dag blei ho oppringt av broren, som hadde fått med seg at kjeda har fått ny eigar.
– Det var gledeleg nytt, men eg veit ikkje meir enno. Vi held ope vidare, og så håper eg det kjem informasjon frå eigarane i dag, og at eg får ny kontrakt.
Ny eigar legg ned Loco
Det er Jotunfjell Partners som har kjøpt buet etter dei to kosmetikk-kjedane, melder E24.
Dei har spesialisert seg på varehandel og restrukturering i handelsbransjen, og eig blant anna Gullfunn, Elite Foto og Rygge Flyplass.
I september i fjor overtok dei Enklere Liv, og reduserte i januar frå 65 til 40 butikkar.
E24, som oppdaterer saken om Vita og Loco, seier at Jotunfjell vil legga ned Loco-butikkane, og at konkursutsal vil starta omgåande.
Dei vil driva flest mogleg Vita-butikkar vidare. Kva butikkar det blir er foreløpig uvisst.