Kultur | 28. mars 2015

– Vitnar om eit rikt kulturliv

Kommunen skal dela ut 700.000. Det er søkt om 3,5 millionar. – Om det er firma i Os som ser etter gode sponsorobjekt så kan dei få liste av meg, seier kultursjef Lisbeth Axelsen.

– Vitnar om eit rikt kulturliv
Søknadane om KUP-midlar går frå 15.000 til 485.000 kroner i storleik. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 28. mars 2015 08:07

Mens kommunen deler ut kulturmidlar til drift av lag og organisasjonar i Os har dei KUP-midlar til dei som har konkrete prosjekt dei treng støtte til.

Søndag 1. mars gjekk fristen ut til å søkja på årets pott, som allereie i fjor blei redusert frå den faste millionen til 700.000 då Osfest fekk innvilga sin søknad for festivalen i 2015.

– Det har kome inn mange gode søknadar. I sum er det totalt søkt om støtte til 3.463.000 kroner, fortel Axelsen.

I formannskapet tysdag 14. april blir det avgjort kven som får pengar til sitt prosjekt.

Frå store lag til enkeltpersonar

Søkjarane er delte inn i kategoriar. Festivalar og liknande er éin, kurs/oppstart, prosjekt og utstyr og anlegg er dei tre andre.

• Innan festivalar, med unntak av Osfest, er det søkt om til saman 773.000 kroner. Dei to største summane det er søkt om er 120.000 til skulpturutstilling i sommar (Os Kulturutvikling) og 100.000 kroner kvar til konsertar i Det historiske tunet på Lyngheim og til julemarknad (Os Sentrumsforening).

• Det er søkt om til saman 200.000 kroner innan Kurs/oppstart. Her er talentutvikling (Session Studio E39, Opera Omnia) på 100.000 største søkar, ny ungdomsklubb nest størst med 80.000.

• Ønskje om anlegg og utstyr har ført til søknadar på til saman 983.000 kroner. 485.000 kroner til sceneteppe, lerret og amfi ved Nore Neset barneskule og 85.000 kroner til teknisk utstyr/leigeutgifter for Spellemannprisvinnar Gina Aspenes er dei to tyngste søknadane.

• Summen på omsøkte midlar til enkeltprosjekt utgjer 1,5 millionar kroner. 150.000 kroner til seniortreff (Oseana), 129.000 kroner til samarbeidsprosjekt for utvikling av musikktradisjonar i Noreg og Færøyane på 129.350 kroner (Os Spelemannslag) og 100.000 kroner til kurs, utstilling og konsertar (Vedholmen Galleri) er dei største beløpa det er søkt om i denne kategorien. Her ligg det også søknad om 75.000 kroner i støtte til restaurering av Botnahytta, hytta som blei redninga for canadiarane som styrta på Haugland under krigen.

– Høg aktivitet i Os

Kultursjefen har sett gjennom søknadane og meiner det er tydeleg at det er høg aktivitet i idrett- og kulturlivet i bygda.

– Både idrettslag, musikarar og resten av laglivet har mykje spennande på gang.

– Det er mange som driv eit fantastisk dugnadsarbeid og vi har fått inn gode søknadar. Dessverre har vi ikkje nok KUP-midlar til alle, men kanskje det er firma i Os som driv med god margin og førebels ikkje har nokon å støtta. I så fall er denne lista god å gå etter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.