Sport | 08. mars 2015

VM-bronse til Sverre!

Sverre Lunde Pedersen tok bronse i allround-VM!

VM-bronse til Sverre!
Sverre Lunde Pedersen (Foto: Sander Hvammen)
Andris Hamresøndag 08. mars 2015 20:59

Sverre Lunde Pedersen leverte eit strålande allround-VM i Calgary i Canada denne helga.

– Det er fantastisk med Sverre Lunde Pedersen sin første medalje i eit allround-VM.

– For ein dag for norsk skøytesport, med medalje til Sverre Lunde Pedersen og Ida Njåtun, jubla NRK-kommentatorane.

Fekk det tøft

Det blei knallhardt i nest siste par på 10 000 meteren mot verdsmeister Sven Kramer, som Sverre Lunde Pedersen gjekk i par saman med.

Etter eit par-tre rundar for å justera farten, fann Sverre ein god marsjfart på 31,2 - 31,4 per runde. Dessverre måtte Lunde Pedersen sjå tidene gå litt opp på dei siste rundane, 31.5, 31.5, 32.1 og 33.0.

– Sverre får igjen trøbbel på slutten av løpet, kommenterte Even Wetten, NRK sin ekspertkommentator.

Sverre gjekk i mål på 13.09.46, 12.73 sekund bak ein suveren Sven Kramer, som gjekk som ei maskin.

– Sven Kramer er den desidert beste allround-løparen gjennom alle tider, skraut Wetten.

Yuskov svarte

Kampen om sølvet blei mellom Sverre Lunde Pedersen og russiske Denis Yuskov, som gjekk i siste par mot kanadiske Denny Morrison.

Yuskov hadde 8 sekund å gå på mot Sverre Lunde Pedersen før 10 000 meteren.

Etter 6800 meter hadde Yuskov 4,2 sekund å gå på mot Sverre Lunde Pedersen, men med Sverre sine jamne rundar tapte russaren stadig. Med 2000 meter att var det berre knappe tre sekund som skilte dei to. Yuskov hadde då passert parkamerat Morrison.

– Han har noko ekstra på lager Yuskov, konkluderte Even Wetten, då han pressa rundetidene ned på dei siste rundene.

Sverre Lunde Pedersen enda på 4. plass på 10 000 meteren og kan uansett gleda seg over sin første VM-medalje etter 4. plass på 500, 2. plass på 5000 og 1500 og til slutt 3. plass samanlagt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.