VM-bronse til Sverre
Sverre Lunde Pedersen drog med seg lagkameratane til bronse på VM-lagtempoen.
Noreg med Sverre Lunde Pedersen, Sindre Henriksen og Simen Spieler Nilsen på laget gjekk inn til bronse på lagtempoen i VM enkeltdistanser i Korea.
– Vi har eit sterkt lag og har sjanse på gull, sa Sverre Lunde Pedersen til NRK før løpet.
• Les òg: 6. plass på 5000 meter
Med ei runde igjen hadde Noreg gullet i lomma, men ein litt for svak sisterunde gjorde at dei fall til tredjeplass bak New Zealand og Nederland.
– Sverre gjorde jobben og leverte det som skal til. Simen og Sindre sleit med å halde tempoet, oppsummerte kommentatorane på NRK etter løpet.
Bronsen blei tatt med minst mogleg margin. Noreg slo Canada med berre åtte (!) hundredelar. Noreg gjekk inn på 3.41.60.