Sport | 28. nov. 2009

VM-gull til Eirin!

Eirin Dale vann i dag VM-finalen mot regjerande europameister Luisa Guliotti.

VM-gull til Eirin!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 28. nov. 2009 14:34

Bergen Kickboxingklubb reiste denne veka med mange utøvarar til VM i Italia, blant anna osingane Ina Grindheim og Eirin Dale.

I dag blei Eirin verdsmeister etter siger i ein spennande finale mot årets store favoritt, regjerande europameister Luisa Guliotti. På heimebane blei Guliotti slått på sudden death av Eirin frå Os.

- Eirin hadde den sterkaste psyken og den avgjerande treffen som skulle til for å enda bataljen, jublar Kim Waardal, trenar for semikontakt elitelaget i Bergen Kickboxing Klubb til bergenkickboxing.no.

Eirin Dale, som har sølv i EM frå før, har vore plaga med beinhinnebetennelse i lengre tid, men kom tilbake og slo franske Alicia Meraux, slovenske Adriana Kores og ukrainske Olga Jugorova på veg til thirilleren av ein finale i klassen -55 kg semikontakt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.