Fotball-VM nærmar seg finale og på sportsbaren til Solsiden har dei hatt godt besøk under meisterskapen.
– Storkampar i kvardagane har trekt mykje folk og i helgene, når vi uansett har godt besøk, har folk kome tidlegare ut, seier Michael Hansen.
Klokka 22 i kveld speler Brasil semifinale mot Tyskland. I morgon på same tid er det Nederland - Argentina.
Rekordjubel for Nederland
Michael fortel om god stemning under heile VM, men når det kjem til jubel og engasjement er det éin kamp som skil seg ut.
– Nederland har tydelegvis mange supportarar i Os, for kvartfinalen mot Costa Rica blei heilt fantastisk.
Kampen blei avgjort på straffekonk som Nederland vann.
– Eg har aldri høyrd så mykje jubel her før, det var heilt vilt!
I Brasil-drakt
Trass jubelen for Nederland trur Hansen at Brasil har flest tilhengarar.
– Dei stiller mange og dei stiller med drakt på. Dei bestiller til også den brasilianske drinken capirinha.
Motpolar har det også vore under VM, den meste tydelege på Solsiden var då Brasil spelte mot Colombia.
– Det var to gjengar, Brasil-supportarane var flest, men det var tydeleg kven dei held med. Men etterpå var det handshakes og store smil, det er heldigvis alltid god stemning.
– I kveld har vi nok flest Brasil-fans, i morgon er eg meir usikker. Mange liker Nederland, men mange er også stor fan av Messi og Argentina, så det blir spennande.
Bronsefinalen går laurdag klokka 22, finalen går søndag klokka 21.
Sjå også VG.no sine VM-sider.