VM-klar

Arne Hadler-Olsen blei nordisk meister i roing laurdag. Tysdag blei han tatt ut til junior-VM i august.

Arne Hadler-Olsen får ein sommar med tøff oppkøyring fram mot junior-VM i august (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 09. juli 2014 09:40

I april låg Arne Hadler-Olsen og Mattias Haugland i hardtrening på Vindalsvatnet, med mål om éin OL-plass. Den rauk dessverre, men dei to ro-talenta frå Os har likevel fått med seg ein god posjon internasjonal erfaring i sommar.

Laurdag rodde Arne seg inn til gull i nordisk meisterskap i dobbeltsculler saman med Adrian Lindgren frå Tønsberg.

Sundag satt dei to osingane i same båt då dei tok sølv i åttar i same meisterskap.

Tysdag kom meldinga om at Arne Hadler-Olsen var teken ut til firaren under junior-VM i Hamburg 6. - 10. august. Der skal han ro saman med Didrik Wie-Soltvedt (Bergen), Petter Bang-Andreasen (Fana) og Adrian Lindberg (Tønsberg).

«U194X består at de beste juniorene i 1X i landet og sendes som et utviklingslag. De har alle vist stor vilje til å satse og potensiale til å utvikle seg videre som seniorer. Det forventes god progresjon av lagene frem til junior VM i august.» heiter det i grunngjevinga for uttaket frå landslagsleiinga.

Nykomponert båt

Dei fire roarane har ikkje tidlegare rodd saman i firer, men har satt i same båt i andre konstellasjonar, mellomanna sist i nordisk kor Wie-Soltvedt, Bang-Andreasen og Hadler-Olsen alle satt i den norske åttaren.

– Dette er dei beste sculler-roarane vi har i landet.

– Det at dei ikkje har rodd firar saman trur eg erfaringsmessig skal gå rimeleg greit.

– Dei er gode individuelle utøvarar, så no gjeld det å få dei samrodd i løpet av vekene fram mot VM, fortel Audun Hadler-Olsen, som av landslagsleiinga har fått ansvaret for firaren.

Oppkøyringa blir truleg med ei samling på Nordåsvatnet i Fana og på nasjonalanlegget på Årungen like utanfor Oslo.

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.