Lokal | 22. mai 2012

Vogntog på tur

Politiet stoppa måndag utenlandsk vogntog i Hegglandsdalen. Dei fekk òg klager på bjeffande hund på tredje natta.

Vogntog på tur
Andris Hamretysdag 22. mai 2012 10:00

At utenlandske vogntogsjåførar køyrer på GPS og blir freista til å køyre der dei ikkje har lov er ikkje eit heilt ukjent fenomen.

- Måndag stoppa patrulja nok ein gong eit utenlandsk vogntog som hadde køyrd opp Rødsliane, fortel lensmann Rasmus Dalen.

Vogntoget blei stoppa i Hegglandsdalen og blei ilagt eit forenkla forelegg.

Bjeffa på tredje natta

Klokka 0120 natt til tysdag fekk naboar i Hagavikområdet nok. Då hadde dei for tredje natta på rad fått ødelagt nattesvevnen av ein hund som sto og gjødde.

- Vi fekk ikkje kontakt med hundeigaren i natt, men vil følgje opp saka i løpet av dagen slik at vi får ein slutt på at naboane ikkje får sova.

Patrulja frå lensmannskontoret hadde òg ein trafikkontroll på Halhjemsvegen i 1930-tida måndag kveld. 24 bilar blei kontrollert og funnen i orden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.