Lokal | 16. mai 2009

Vraket blei selt

Skadane på luksusbåten som gjekk ned ved Skåtøya var store, men båten kan likevel koma til å hamna på sjøen igjen. (Sjå film og fleire bilde)

Vraket blei selt
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 16. mai 2009 13:14

Bildeserie:

1 av 5

Sundag 26. april gjekk ein Rodman 56 til 7 millionar kroner på land ved Skotøya. Båten blei heva og frakta til verkstad, med store skadar.

- Å få båten i stand igjen vil kosta omtrent det same som å kjøpa ein tilsvarande brukbåt i god stand, seier takstmann Carsten Grønhaug frå Grønhaug Marineconsult AS til midtsiden.no.

Skroget hadde skadar framme og bak, både baugpropell og dei to propellane bak var slått inn i skroget, begge rora var slått av, elektronikk er øydelagt og all tekstil og innreiing blei skadd av vatn og diesel.

Likevel blei båten selt, men til "kondemneringspris". Etter det midtsiden.no kjenner til skal ein nordlending ha kjøpt båten for nokre hundre tusen kroner.

- Den nye eigaren treng ikkje å lura på kva han skal bruka feriane sine på dei neste åra, seier Grønhaug.

På Redningsselskapet sine sider kan du sjå film av båten då den gjekk ned.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.