Lokal | 31. jan. 2017

Vurderer auka bruk av gebyr

Kommunen strammar inn tilsyn og kontroll med byggjebransjen. Kan gje gebyr på 400 000 kroner i særleg alvorlege saker.

Vurderer auka bruk av gebyr
Også dei kommunale prosjekta, som her på Luranetunet, kan vera gjenstand for tilsyn frå byggesaksavdelinga (ill.foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 31. jan. 2017 13:24

I 2016 fekk byggjesaksavdelinga i Os kommuna styrka kapasiteten på tilsyn og oppfølging av ulovlege tiltak, slik at dei no har stillingheimel tilsvarande 200% på området.

– Vi meiner bruk av overtredelsesgebyr til dei som visste eller burde ha visst at dei bryt plan- og bygningslova er eit viktig virkemiddel. Vi er ikkje pliktig til å bruka det, men meiner det vil gje auka respekt for regelverket. Om vi unnlatar å reagera, så vil det kunne vera konkurransevridane, fortalde jurist Lise Torvund då ho presenterterte strategi for tilsyn og oppfølging av brot på plan- og bygningslova 2017 for plan- og bygningsutvalet (PBU) førre veke.

Opptil 400 000 kroner

Tryggve Lillestøl (KrF) undra om gebyra var som avlat å rekne eller om det er summar som svir litt.

– Det 10 000 for mindre brot, 50 000 for meir alvorlege brot og 200 000 for alvorlege brot. Ein kan i særleg alvorlege tilfeller ileggja høgare lovbrotsgebyr, men det kan ikkje overstiga 400 000 kroner.

– Loven set klare krav til brotet. Vi kan gje både pålegg om oppretting og/eller gebyr. Vi har tenkt at vi først og fremst vil slå litt ned på dei profesjonelle som begår overtredelser som er alvorlege, svara Torvund, som la til at satsane var det halve for privatpersonar.

Har vore lite brukt

Terje Sperrevik (TvS) følgde opp med å spørje kor mykje det har vore brukt tidlegare.

– Det er snakk om ei lita handfull saker kor vi har gitt gebyr. Eg kan berre huske to. Sjølv om vi har tett oppfølging, så er det einskilde som heilt bevisst har unnlatt å gjera det dei skal. No må vi difor gjera neste trekk, ellers blir det for urettferdig for dei som prøver å gjera tinga rett, svara kommunalsjef for Samfunnsutvikling, Aina Tjosås.

140 tilsyn i 2016

I løpet av året gjennomførde dei omlag 140 ulike tilsyn, både dokumenttilsyn og inspeksjonstilsyn. Tilsaman 160 meldingar om mogleg brot på regelverket blei meldt inn til byggjesak i løpet av året.

– Året 2016 har vore prega av ein rekke tunge og tidskrevande saker, i tillegg har det vore naudsynt for dei to nytilsette å setje seg inn i arbeidsoppgåver og organisere arbeidet på ein fornuftig måte. Administrasjonen har likevel fylgt opp dei fleste brot i nivå 1 og 2 i prioritert rekkefølgje etter kvart som dei er blitt avdekka. Det har likevel ikkje vore kapasitet til å følgje opp alle meldingar om moglege brot på plan- og bygningslova, heiter det i saka som låg til PBU.

– Kva type brot er det her snakk om, undra Lillestøl.

– Det er alle sakar om ulovlegheitsoppfølging. Det kan vera frå heilt ubetydelege som ikkje gir vidare oppfølging til saker om gir pålegg og overtredelsesgebyr.

– Det som er viktig for innbyggjarane er at når dei opplever noko som er krenkande, så blir dei tatt på alvor og at dei får ei tilbakemelding på korleis vi handterer det.

Seks prioriterte områder

Torvund fortalde at dei gjennom tilsyna driv mykje veileiing for bransjen, noko dei ser har ein preventiv effekt, men samstudes at det framleis er eindel aktørar som har mykje å gå på.

– I tillegg til direktoratet sine områder som dei har sagt kommunen skal ha fokus på (utdanning og praksis i føretaka og dokumentasjon til produkt nytta i byggverk, journ.mrk) vil vi for 2017 ha fokus på ferdigattest og mellombels bruksløyve, plassering av tiltak, energikrav, avfallshandtering, sikring av byggeplasser og tilsyn i samarbeid med brannvesenet. Dette er områder vi ser bransjen har forbetringspotensialer på, fortalde Torvund.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.