Korleis kan ein auka trafikktryggleiken i kulverten under E39 i Nilsavegen undrar kommunen (arkivfoto: Andris Hamre)

Vurderer å stenga undergangen

Os kommune ønskjer å betra trafikktryggleiken ved kulverten i Nilsavegen.

Av: Andris Hamre

Os kommune har i desse dager lagt ut ei høyring om kva ein bør gjera med kulverten under E39 rett sør for Lepsøykrysset.

– Os kommune har fått mange meldingar om trafikktryggleiken i kulverten i Nilsavegen.

– Kulverten er smal og utan fortau. Dagens situasjon utgjer ein fare for skulebarn og andre gåande som nyttar vegen, heiter det i grunngjevinga frå kommunen.

Tre alternativ

I høyringa som dei no ber innspel på skisserer kommunen tre ulike moglege løysingar, som etter at høyringsrunden er avslutta, skal bli handsama av kommunen sitt trafikksikringsutval.

Alternativ 1: Stenga kulverten for køyretøy og gjere han til gangveg. Dette alternativet er best for dei gåande og vil ha mest effekt for trafikktryggleiken då gåande vil kunne ferdast trygt i kulverten.

Alternativ 2: Gjere kulverten einvegskøyrd frå Os og mot Lekvenmarka/Nilsavegen. Dette alternativet vil redusere trafikken, men ikkje auka trafikktryggleiken særleg, då dei gåande framleis deler arealet med dei køyrande. Det kan/vil føre til fartsauke då bilistar ikkje risikerer møtande trafikk. 

Alternativ 3: Lata det vera som i dag. Situasjonen vil vera uendra.

Godt fundert

Leiar i trafikksikringsutvalet, Gustav Bahus (Frp) fortel dei er godt kjend med utfordringane rundt Lepsøykrysset og den aktuelle kulverten.

– Statens vegvesen har lenge forsøkt å finna gode løysingar for både gåande og køyrande. Mellomanna gjennom reguleringsplanen for Lepsøykrysset kor det låg inne ein ny kulvert som er dobbelt så brei.

– Vi i trafikksikringsutvalet vil setta oss nøye inn i problemstillinga når vi skal handsama saka, for det er eit komplisert området dette. Alle dei tre alternativa som administrasjonen her dreg opp er godt funderte alternativ.

Fleire saker