Kultur | 16. des. 2010

- Welcome to the jungle!

Midtsiden.no fekk omvising på Irish Cat dagen før opning.

- Welcome to the jungle!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 16. des. 2010 21:09

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 6
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Fredag 17. desember opnar den nye nattklubben Irish Cat i Os sentrum. Truleg har det aldri vore brukt så mykje pengar på å bygga ein utestad i Os, no byrjar det å visa.

- Arkitekten og designarane har gjort ein fin jobb, eg synes det byrjar å bli veldig bra her, seier dagleg leiar Ole Christian Garmanni.

10-15 arbeidarar var i sving då Midtsiden var innom torsdag ettermiddag. Det gjekk i montering av spotlys over baren og vask på toalettet, spikring av dei siste listene og maling av nokre lyskassar.

- I kveld blir det rydding, utvask får vi ta i morgon før varene og glasa skal i hyllene.

Opningsfest med Totto
Fredag klokka 20 opnar dørene for rundt 100 inviterte gjestar. Klokka 22 kan resten av publikum få sjå Irish Cat for første gong.

- Vi skal ha LIVE-musikk kvar fredag og laurdag, og på opningsfesten står Totto frå Totto & The Lovemakers på scenen, fortel Garmanni.

Nesten åtte frå Os
Medan eit vaktselskap skal passa døra er det osingar som tar imot gjestane på innsida av nattklubben.

- Vi er fire gutar og fire jenter til no, alle er frå Os utanom meg, seier Garmanni, som sjølv jobbar med å bli osing (ser etter husvære i Os).

- No gler vi oss veldig til opningsfesten, vi garanterer god musikk i spennande lokale, så satsar vi på at osingane sørgjer for feststemninga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.