Kultur | 27. apr. 2011

Willgohs til Vedholmen

Festspillutstilling: Jan Erik Willgohs har vernissasje på Vedholmen Galleri til helga.

Willgohs til Vedholmen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. apr. 2011 05:57

Bergensaren Jan Erik Willgohs (59) har studert kunst i Oslo, Stockholm og London og jobba og stilt ut kunsten sin i blant anna Tyskland, Italia, Frankrike, Thailand og Kina.

Førstkomande laurdag opnar han utstilling på Vedholmen Galleri.

– Willgohs sine maleri river oss opp. Med sin sanselege og ekspressive virtuositet tar han oss med inn i landskapa sine, landskap som gjev rom for individuelle referansar, seier Vibeke Harild frå Vedholmen Galleri.

– Eg jobbar kontinuerleg fram bilde i form av maleri og desse er til ei kvar tid knytt til kva eg har behov for å gje uttrykk for. Sånn sett er dei ei dagbok forma av livet eg lever, seier Festspill-utstillaren sjølv.

Utstillinga opnar klokka 14 laurdag og står til 12. juni.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.