Kultur | 24. sep. 2018

Winckel med vokal på Hanne's

Torsdag stoppar vokalgruppa innom Hanne's Konditori og Musikkbar.

Winckel med vokal på Hanne's
Torsdag kan du høyra Winckel på Hanne's. (Pressefoto). 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 24. sep. 2018 11:43

– Vi er på ein miniturné i desse dagar seier Mari Lyssand frå Winckel.

– Sist veke hadde vi konsert på Stord, og neste veke syng vi på Café Sanaa i Bergen.

I tillegg til Mari Lyssand finn vi Guro Dugstad, Kristine Bjånes og Elin Hestenes i den omreisande vokalgruppa.

Kvartetten har sunge saman i eit år no, og Lyssand seier prosjektet først var meint for å turnera ungdomsskular og Rikskonsertane.

– Det er ingenting gale med gymsalkonsertar, og ungdomsskuleelevar er glimrande publikum dei, men ettersom repertoaret vårt passar minst like bra for vaksne er det kjekt å ha konsertar utanom skuletida òg.

På torsdagens konsert vil den stemmeglade kvartetten servera godbitar frå pop og soul til viser, med litt rock, country og klassisk innimellom.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.